Hopp til innhold

Fjernar retten til vidaregåande opplæring

Oslo Høgre ber landsmøtet vedta at dei som stryk i eitt eller fleire fag på ungdomsskulen, ikkje skal ha rett til vidaregåande skuleplass.

Nikolai Astrup

Høgre og nestleiar Nikolai Astrup vil fjerne retten til vidaregåande opplæring.

Foto: Poppe, Cornelius, Cornelius Poppe / SCANPIX

Høgres landsmøte kan i dag vedta eit forslag om å fjerne ungdoms lovfesta rett til vidaregåande opplæring.

Oslo Høgres nestleiar Nikolai Astrup trur forslaget vil føre til at fleire av dei 5000 10. klassingane som får karakteren 1, skjerpar seg.

- Reform 94 eit feilgrep

Han meiner den lovfesta retten til skuleplass som blei innført med Reform 94 har vore eit feilgrep

- Det vi har foreslått er at ein skal ha bestått grunnskulen for å kome inn på vidaregåande skole, seier Astrup.

Tre tiandeklassingar er samla rundt eit bord og får høyre argumentasjonen

- Ein av tre elevar som begynner på vidaregåande skule fell frå eller stryk til eksamen. Eg meiner det er å gjere elevane ei bjørneteneste at me lar elever som ikkje har føresetnad for å fullføre vidaregåande skule få kome inn, i staden for å stille krav som dei må møte for å kome inn, seier Astrup.

Marius Due synest ideen er god

- Eg trur det kan vere veldig bra. Det er utruleg bra viss ein greier å minske talet på dei som fell ut av vidaregåande, seier Due.

Erna tror ikke forslaget blir vedtatt

Video nsps_upload_2009_5_8_8_40_35_254.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Erna Solberg, leder i Høyre. Trykk på bildet for å se video.

5000 elevar stryk

Undersøkingar viser at om lag 5000 elevar har karakteren 1 i eitt eller fleire fag, og dermed kan stå utan rett til vidaregåande plass med dette systemet som Oslo Høgre foreslår. Astrup trur det vil føre til at mange av desse skjerpar seg, men Julianne Borgen lurer på korleis dette skal fungere.

- Viss ein ikkje er oppmuntra til å gå over på vidaregåande, er ein då oppmuntra til å gå om att eitt år på skulen. Satsar de på at folk vi seie, ok greitt eg går tiande om att, seier Borgen.

- Ein kan til dømes ha tilbod om sommarskule, at du må fullføre sommarskulen og ta eksamen på nytt. Viss du da stryk igjen, kan det tenkast at du må gå om igjen. For dei aller svakaste elevane er kanskje det den aller beste løysinga, seier Astrup.

Men nokon vil ikkje ha rett til å gå vidare på skule

- Vidaregåande skule er ikkje obligatorisk og det bør det heller ikkje vere, seier Astrup.


AKTUELT NÅ