Hopp til innhold

- Vi veksla mellom håp og fortviling

Foreldra og systera til Ole Johan Grimsgaard-Ofstad takkar norske styresmakter for det dei har gjort for å få han sett fri, sjølv om det ikkje lukkast.

Ole Johan Grimsgaard-Ofstad

Familien til Ole Johan Grimsgaard-Ofstad takkar norske styresmakter for innsatsen for å få han sett fri.

Foto: Privat

Familien har i kveld sendt ut ei fråsegn via NTB der dei også fortel korleis dei har hatt det i tida etter at sonen og broren vart bortført i Irak, og sidan halden som gissel av IS:

– Vi har heile tida veksla mellom håp og fortviling, som no er avløyst av ei djup sorg, skriv familien blant anna.

Det heiter vidare i fråsegna: Norske styresmakter har heile tida lagt ned eit omfattande arbeid for å få Ole Johan sett fri, dessverre utan resultat. Likevel, stor takk for det, og ei særleg takk til politiets krise- og gisselforhandlarteneste for god omsorg og oppfølging i ei, for oss, svært vanskeleg og tung tid.

Familien fortel også at Ole Johan vart lemlesta to gonger, heile tida under trusselen om å bli drepen. Til slutt gjorde IS alvor av truslane og drap han, skriv dei. Vidare skriv familiemedlemene at dei ikkje veit kvar Ole Johan er gravlagt.

Dei seier at dei ikkje ynskjer kontakt med media i tida framover, og dei ber om at alle respekterer dette.

Solberg: All grunn til å tru at han er død

IS: Vi har avretta nordmann

– IS-gissel ble oppsøkt av PST

– Lever av smugling og bortføringer

AKTUELT NÅ