Hopp til innhold

- Vi har blitt stadig betre på DNA-analysar

– Det er ikkje noko nytt og revolusjonerande som gjer at vi i dag kan finne DNA-spor som vi ikkje fann for 15 år sidan. Det er teknologien og utstyret som gradvis har vorte betre i løpet av desse åra, seier fagdirektør Bente Mevåg ved avdeling for biologiske spor ved Folkehelseinstituttet.

Fagdirektør Bente Mevåg ved Folkehelseinstituttet.

Fagdirektør Bente Mevåg ved avdeling for biologiske i Folkehelseinstituttet samanliknar DNA-profilar.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det var denne avdelinga ved Folkehelseinstituttet som på oppdrag frå politiet i Larvik har gjort nye undersøkingar av DNA-materialet som vart samla inn etter drapet på Kristin Juel Johannessen (12) i Hedrum i Larvik 5. august 1999.

Politiet sa tidlegare i dag at det var nye og betre DNA-analyser, som førte til pågripelsen av ein no 38 år gammal. Han vart dømt for drapet i 2002, men vart seinare frikjent. Den gongen var det ikkje mogleg å leggje fram ein fullstendig DNA-analyse i saka.

Betre teknikk

Kristin-funnsted

Det var på denne staden i Hedrum i Larvik at Kristin Juel Johannessen vart funnen drepen 5. august 1999.

Foto: Bast, Ida von Hanno / NTB scanpix

Bente Mevåg fortel at dei ulike fagmiljøa som jobbar med DNA-analyse av spor i kriminalsaker i løpet av denne tida har gjort ein stor innsats for å forbetre teknikken, slik at det blir mogleg å få ut meir informasjon frå det som i utgangspunktet var eit dårleg spor.

– Vi har blitt flinkare, kjemien vi brukar har vorte betre og instrumenta endå meir avanserte. Alle har jobba med å optimalisere teknikken, seier Mevåg til NRK.

Ho kan ikkje gå nærmare inn på kva type spor dei har undersøkt i denne saka, men seier på generell basis at dei kan isolere eit DNA i alle typar biologisk materiale. I fjor vart det teke 35.000 prøver gjort på ulike typar såkalla epitelceller, blant anna overflateceller frå hud og slimhinne. I tillegg tek dei også prøver frå blod, sæd og hår.

LES OGSÅ: Pågripelse i Kristin-saken: Psykologspesialist åpnet øynene våre

LES OGSÅ: Dømt, frikjent og tatt på ny

– Som hjernekirurgi

– I teorien kan vi gjere undersøkingar frå ei enkelt celle, men vi reknar med at vi treng rundt 100 celler for å få fram eit resultat vi kan bruke, seier fagdirektøren. Det er altså snakk om svært små mengder av biologisk materiale som trengst for å kunne isolere DNA.

Bente Mevåg opplyser at arbeidet er svært omfattande. Det er ikkje snakk om å putte materialet inn i ein maskin og få ut eit raskt svar i andre enden. Det er ein samansett prosess med ulike trinn og mange detaljar som skal stemme.

– Ein kjent kollega sa ein gong at dette arbeidet er å samanlikne med avansert hjernekirurgi, seier ho.

Dei fleste som jobbar på avdelinga for biologiske spor ved Folkehelseinstituttet er ingeniørar.

LES OGSÅ: Metoden som løser alt

LES OGSÅ: Nye DNA-analyser førte til pågripelse

Mysen-drapet

Prinsippet med DNA-analyse i kriminalsaker vart først oppdaga i 1985, og det vart teke i bruk få år etter. Den første store og mediefokuserte saka der DNA-analyse stod sentralt, var Mysen-drapet i 1989. 17 år gamle Inger Lise Olsen vart valdteken og drepen, og gjerningsmannen vart felt av DNA-bevis.

Sidan har teknologien vorte ein stadig viktigare del av politietterforskinga, og det norske DNA-registeret vart teke i bruk i 1998.

* DNA-analyser, som førte til pågripelsen

AKTUELT NÅ