NRK Meny
Normal

- Vi greier å skaffe bustader til 18.000 flyktningar

Audun Lågøyr i Byggenæringens Landsforening (BNL) er ikkje i tvil om at norske kommunar vil greie å busetje 18.000 flyktningar neste år. Kapasiteten er der, men det krevst forenkling av saksbehandlinga, seier han.

Flyktningmottak

Flyktningmottaket på Råde i Østfold vart opna på grunn av den store tilstrøyminga av flyktninger over Svinesund.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Lågøyr er næringspolitisk direktør i BNL. Han er ikkje i tvil om at byggjenæringa vil greie den utfordringa det er å byggje nye bustader og rehabilitere eller endre alt eksisterande bygningar.

I dag vart det klart at norske kommunar blir bedne om å skaffe bustad til 18.000 flyktningar i 2016 , eit tal som er venta å stige til 21.000 i 2017.

– Rask saksbehandling

Audun Lågøyr i Byggenæringens Landsforening.

– Vi klarer å busetje 18.000 flyktningar neste år, men saksbehandlinga må bli enklare, seier næringspolitisk direktør i Byggenæringens Landsforening, Audun Lågøyr.

Foto: BNL

– For å få det til er det likevel naudsynt med eit «hurtigspor» som kan sikre rask behandling av plan- og byggjesaker i kommunane. Det må også sikrast ei finansiering av byggjeprosjekta som er føreseieleg, seier Audun Lågøyr til NRK.

Han viser til at det i dag kan ta fleire år frå planprosessen startar til det blir gitt klarsignal til å setje i gang, og at det er heilt naudsynt å få ei raskare avklaring. Lova gir også høve til rask saksbehandling i ein del saker, seier han.

Når det gjeld finansieringa, så meiner Lågøyr at Husbanken må tyngre inn for å stimulere til bygging av fleire flyktningbustader.

Børge Brende: – Vi stenger ikke grensa

Setter inn ekstra bemanning på akuttmottak

Nybygg og rehabilitering

Jan Tore Sanner

Kommunal- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) har kalla inn til møte måndag for å diskutere korleis norske kommunar skal greie å busetje 18.000 flyktningar neste år.

Foto: Linda Reinholdtsen / NRK

Han seier at bedriftene i BNL, som dekkjer alle delar av næringa, og som er representert i heile landet, har stor omstillingsevne og gode føresetnader for å kunne møte behova for bustader til flyktningar som har fått opphaldsløyve her i landet.

Førstkomande måndag skal BNL delta på eit møte med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, der dei vil fortelje statsråden at byggjenæringa er klar til å møte utfordringane frå den kraftige auken i talet på flyktningar som skal busetjast.

Dei meiner at det er naudsynt å byggje ein god del nye bustader, men at det også må bli snakk om å rehabilitere eksisterande bygningar eller å byggje om til dømes næringsbygg til bustader.

10.000 asylsøkere bor på akuttmottak

– Kunne stanset flyktningstrømmen ved å gripe inn før

– Naudsynt med tiltak

– Det er viktig at private samarbeider med det offentlege. Ved at ein kommune inngår ei leigekontrakt på til dømes 10–20 år, så kan eigedomsretten til bygningsmassen falle tilbake til kommunen etter at leigeperioden er over. Det kan vere ei investering som også kan dekke framtidige behov for kommunen, til dømes som omsorgsbygg, bustader eller barnehagar, seier Audun Lågøyr.

Han meiner det må bli like gunstig å leige ut til bustadføremål som til næringsføremål. Derfor må det setjast inn tiltak som kan gjere det attraktivt for huseigarar å byggje om eksisterande bygningsmasse til bustader.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger