Hopp til innhold

- Vi bør skilje gutar og jenter

Idrettsforskar tek til orde for å dele gutar og jenter i gymtimane.

Gym, illustrasjonsfoto
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Idrettsforskar Anne Torhild Klomsten trur felles gym kan være negativt.

- Eg vil tru at det er jentene med dei lågaste fysiske ferdigheitene som har størst utbytte av deling. Det er eit stort sprang mellom sterke gutar og svakare jenter, seier ho.

Klomsten kartlegg no erfaring med delt kroppsøving i heile landet. Ho er ikkje for ei permanent deling, men meiner at lærarane bør dele jentene og gutane mykje oftare enn i dag.

- Når ein har styreaktivitetar, og også ballspel, er ofte gutane meir hardhendte og tek større plass enn det jentene gjer, meiner ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ulik oppfatning

- Dersom jenter og gutar har gym saman gøymer jentene seg ofte litt og tør ikkje delta, fortel niandeklassingen Anette Nærum ved Sagene Skole i Oslo.

Klassekamerat Hans Henrik Myre Undhjem er tvilande til delt gym.

- Eg føler ikkje at det er nødvendig, er meiner at jenter og gutar får vist seg like mykje fram i gymtimane, seier han.

Negativ merkelapp

Professor Gunn Engelsrud er seksjonsleiar for kroppsøving ved Norges idrettshøgskole. Ho er sterkt imot å skilje jenter og gutar.

- Eg veit jo ikkje heilt kven dei svake jentene er, og eg tenkjer at det er ein veldig karakteriserande merkelapp, seier ho.

Kva meiner du? Bør jenter og gutar ha gym kvar for seg?

AKTUELT NÅ