Hopp til innhold

- Vi bør melde oss ut av NATO

- Norge bør melde seg ut av NATO og inn i EU, meiner professor Iver Neumann ved Norsk utenrikspolitisk institutt, NUPI.

Norsk kjøretøy i Mazar-e-sharif
Foto: Lars Magne Hovtun, Forsvaret / SCANPIX

Neumann etterlyser ein grunnleggjande debatt om det norske NATO-medlemsskapet. For i dag går Noreg til krig nærast på autopilot, meiner han.

- Vi er med på det USA gjer for å ha eit godt allianseforhold til amerikanarane. Det har vore den underliggjande tenkinga bak deltakinga i krigane. Eg meiner at det resonnementet ikkje held.

- Det finst alternativ

Sjølv meiner Neumann at Noreg treng allierte, men ikkje USA og NATO.

- Eg kan ikkje sjå kva som er fellesnemnaren mellom det norske politiske miljøet og det republikanske miljøet rundt George W. Bush og John McCain, sjølv om eg har prøvd.

Iver B. Neumann

Professor Iver Neumann ved Norsk utenrikspolitisk institutt, NUPI.

Foto: NUPI

- Prisen vi betaler ved å vere med i NATO og stå opp og vere med i dei krigane USA fører er at vi vert involverte i ei rekkje ting vi ikkje har noko å gjere med. Kva skal vi i Afghanistan? Kva skal vi i Irak? spør Neumann.

- NATO er allereie ganske død fordi USA ikkje ville ha støtte frå dei andre NATO-landa etter 11. september 2001. Sidan den gongen er NATO fyrst og fremst eit haleheng til einsidig amerikansk politikk.

EU ligg nærare

Ifølgje Neumann finst det betre alternative alliansar for Noreg.

Det finst til dømes ein militærallianse som heiter EU.

Iver Neuman

Det utanrikspolitiske grunnlaget i EU, og særleg for dei leiande landa Frankrike, Tyskland og delvis Storbritannia, ligg mykje nærare det norske enn kva NATO gjer, seier han.

- I Europa er ein ofte også meir tilbakehalden med å gå til krig, og det passer Noreg bra.

Utdaterte argument

I Noreg debatterer ein stadig reform av FN og endringar i EU, men NATO-debatten ut frå situasjonen i dag er heilt fråverande, meiner Neumann.

- Eg trur det skuldest at NATO i norsk tradisjon er eit spørsmål om å vere for eller mot USA. Dette er ei røyndomsskildring som ikkje passer i dag, seier Neumann.

Det finst ei rekkje grunnar til å vere skeptisk til amerikansk utanrikspolitikk utan å vere skeptisk til USA i seg sjølv.

Iver Neumann

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger