Hopp til innhold

- USA slaktar norsk terrorberedskap

I ein intern rapport hudflettar amerikanarane norsk terrorberedskap etter at PST skal ha nekta å spana på ein fjerde person knytt til terrorsaka frå i sommar.

Janne Kristiansen på pressekonferanse, februar 2010

Amerikanarane gjev Politiets tryggingsteneste, med PST-sjef Janne Kristiansen i spissen, det glatte lag i ein WikiLeaks-rapport.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Det kjem fram i ein rapport som WikiLeaks har fått tak i, og som VG har fått tilgang til. I rapporten kjem det, ifølgje avisa, fram at amerikanske diplomatar meiner Noreg gjer ein slett jobb i kampen mot terror.

Dei skal blant anna vera skeptiske til PST si handtering av komplekse etterforskingssaker, uroa over ressursmangel og misnøgde med at Noreg ikkje tek åtvaringane som USA kjem med alvorleg nok.

– Eg er glad for at norsk etterforsking og norsk rettstradisjon står på eigne bein, seier justisminister Knut Storberget (Ap) som svar på kritikken.

Uroa over fjerdeperson

PST får blant anna refs for sitt etterforskingsarbeid i forkant av pågripingane av dei tre terrorsikta i juli i år.

I fleire månader overvaka politiet dei tre terrorsikta, Mikael Davud, David Jacobsen Shawan Sadek Saeed Bujak. PST meinte dei tre utgjorde ei terrorcelle.

Ein av dei tre mennene skal den 14.oktober i fjor ha hatt ein koda telefonsamtale med ein fjerde person.

Telefonsamtalen vekte uro i både amerikansk og britisk etterretning, som skal ha «vorte svært bekymra» over intensjonane til denne fjerdepersonen og hans tilknyting til terrorcella.

– PST nekta spaning

Både amerikanarane og britane meinte samtalen var grunn til å setja i gang full spaning av fjerdemannen. Ein sikkerheitsoffiser ved den amerikanske ambassaden skal difor ha bede PST om å starta spaninga av denne personen.

Men PST skal ifølgje rapporten ha nekta å overvaka fjerdemannen. I tillegg skal Noreg ha takka nei til å få bistand frå 24 britiske etterretningsagentar i overvakinga av dei terrormistenkte.

«Rosenraud norsk tolking»

«Ikkje berre vil dei ikkje bruka sine eigne ressursar på han (..), men dei avslo også tilbodet frå den besøkande britiske etterretningstenesta om to 12-personars overvakingsteam som kunne ha assistert nordmennene for å dekkja dei eksisterande tre subjekta betre, og bidra med å dekkja det fjerde objektet», heiter det i rapporten ifølgje VG.

Vidare i rapporten står det at «PST tolka den same samtalen i eit meir rosenraudt, mindre trugande lys», som ikkje gjev meining, korkje for USA eller Storbritannia.

Justisministeren seier han ikkje er overraska over kritikken frå USA.

Knut Storberget i studio 7

Justisminister Knut Storberget (Ap) seier det ikkje er eit mål for Noreg å følgja amerikanske metodar i arbeidet mot terrorverksemd.

Foto: NRK

Storberget slår tilbake

– Me er kjende med at USA på fleire felt meiner dei ikkje har fått gjennomslag for sine synspunkt kring arbeidet mot terror, ikkje berre i Noreg men også i andre land, fortel Storberget, som er glad for at norsk sikkerheitspoliti hardnakka har stått på sitt og ikkje gjeve etter for eit eventuelt press utanfrå.

– Eg vil minna om at USA dei siste ti åra har hatt ein svært annleis tradisjon for å motarbeida terror. Eg er ikkje sikker på om den er meir vellykka enn våre metodar.

Storberget viser blant anna til den omstridde amerikanske Guantanamo-basen på Cuba.

– Kritikken av norsk etterretning kjem frå eit land som held folk bak lås og slå i årevis utan lov og dom - og i mange tilfelle utan grunn. I Noreg skal me heisa rettssikkerheitsfana høgt, seier Storberget.

Referat frå krisegruppe

Rapporten som VG sit på er ein del av dei mange tusen hemmelegstempla diplomat-dokumenta som varslarnettstaden WikiLeaks har offentleggjort.

Rapporten skal vera eit referat frå ei gruppe ved den amerikanske ambassaden kalla «Oslos emergency action committee», eller kristeiltaksgruppe.

AKTUELT NÅ