Hopp til innhold

- Uklart kva rolle Krekar har

Forskar Truls Tønnesen meiner det er vanskeleg å seie om mulla Krekar spelar ei rolle i dei kurdiske områda i Nord-Irak i dag.

Mulla Krekar bur i Heimdalsgate på Tøyen i Oslo.

Ingen er pågripen etter angrepet i Heimdalsgata på Tøyen i natt.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix/AFP

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: – Aldri et kjedelig øyeblikk i Heimdalsgata

LES OGSÅ: Etterforskes som drapsforsøk

Truls Tønnessen

Truls Tønnessen meiner det er vanskeleg å seie kva rolle mulla Krekar spelar i dei kurdiske områda i Irak i dag.

Foto: NRK

Tønnessen er forskar ved Forsvarets forskningsinstitutt med islamistiske grupperingar i dei kurdiske områda som spesialfelt.

Tønnessen seier at dei gruppene han kjenner i dei kurdiske områda har nemnt mulla Krekar som ein historisk person. Han vart avsett frå Ansar al Islam i 2003, og har ei uklar rolle i forhold til det.

LES OGSÅ: Mulla Krekars svigersønn skadd i skyteepisode

Aktiv på Internett

- Krekar er aktiv på Internett, men det er vanskeleg å seie om han spelar ei rolle. Han vart avsett på grunn av ideologisk usemje og intern maktkamp. Krekar har sjølv sagt at han var litt for aktiv i media, seier Truls Tønnesen.

Det har vore spekulert i om den kurdiske gruppa PUK kan stå bak angrepet mot Krekar i natt. PUK er i dag ein del av maktapparatet i Irak, og gruppa hadde makta i eit område i Nord-Irak før mulla Krekar og Ansar al Islam tok kontroll over dette områet.

Truls Tønnesen torer ikkje seie noko om kva som vil skje dersom mulla Krekar blir send tilbake til Nord-Irak, nettopp fordi det er vanskeleg å avgjere kva rolle han spelar i dag.

- Reelle truslar

Brynjar Meling

Brynjar Meling meiner angrepet viser at truslane mot mulla Krekar er reelle.

Foto: NRK

Forsvararen til Krekar, Brynjar Meling, meiner angrepet i natt er eit bevis på at truslane mot mullaen er reelle. Han veit ikkje kven som kan stå bak angrepet, og han veit heller ikkje kven Krekar trur står bak. Han seier likevel at den kurdiske gruppa PUK hadde bestemt seg for å "ta" Krekar, før mullaen kom til Noreg i 2003.

Meling vil ikkje seie noko om kven som kan stå bak angrepet, men han er klart på at noko må gjerast med klienten hans sin tryggingssituasjon. Men han synest ikkje at Frp-forslaget om å setje Krekar i forvaring er fornuftig.

Brynjar Meling meiner det som har skjedd kan vere viktig for spørsmålet om utvising av Krekar, i alle fall dersom det viser seg at det er ei kurdisk gruppe som står bak angrepet.

Krekar-debatt i Dagsnytt 18

AKTUELT NÅ