Hopp til innhold

– Tragisk om norske våpen tar livet av sivile

Kirkens Nødhjelp meiner det er tragisk om norske våpen er involverte i drap av sivile i Irak. – Norske våpen skal skremme, ikkje drepe, meiner generalsekretær Atle Sommerfeldt.

Video En tragedie at norske våpen er involvert, mener Kirkens Nødhjelp

Generalsekretær Atle Sommerfeldt i Kirkens Nødhjelp vil ha sluttbrukarerklæring frå USA om bruk av norske våpen.

Ein gjennomgang NRK har gjort av Wikileaks-dokument viser at fleire enn 200 sivile er drepne under Irak-krigen i hendingar der norske våpen er involverte.

– Det er ein tragedie at sivile er omkome i så store tal under Irak-krigen, og at norske våpen kan ha vore involverte er alvorleg. Spesielt overraskande er det ikkje, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp Atle Sommerfeldt.

Stolar på allierte

Han meiner problemet er at Noreg ikkje ber USA og andre allierte om erklære at våpen ikkje skal ende opp i krigssoner.

– Noreg har i og for seg eit godt nok regelverk som seier at norske våpen ikkje skal eksporterast til land i krig eller med grove brot på menneskerettane, men vi seier at vi stolar på at våre allierte vil følgje norsk politikk, og derfor har vi ikkje sluttbrukarerklæring til dei, seier Sommerfeldt.

Dei norske våpenbidraga er nemnde 2.800 gonger blant dei nesten 400.000 dokumenta som er lekt frå Wikileaks om Irak-krigen.

Afshan Rafiq

Noreg må stille strengare krav til USA, meiner høgrepolitikar Afshan Rafiq.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Statssekretær Espen Barth Eide

Ein må forvente at våpen blir brukte, meiner statssekretær i Utanriksdepartementet, Espen Barth Eide (Sp).

Foto: NRK

– Må stille krav til USA

Høgres Afshan Rafiq meiner Noreg no må stille strengare krav til USA for korleis dei skal bruke norske våpen.

– Noreg kan ikkje leve med at så mange sivile menneske blir drepne av norske våpen, seier Rafiq, som er andre varamann til Stortinget.

Statssekretær i utanriksdepartementet Espen Barth Eide (Ap) er ikkje samd i kritikken.

– Det at norske våpen er involverte, meiner eg er litt irrelevant i akkurat den samanhengen, fordi alle parti på Stortinget, fram til no også Høgre, har meint at vi kan eksportere våpen til våre allierte USA, seier han.

Han peikar på at våpeneksporten skjer etter reglar som Stortinget har lagt klare, og som det er brei semje om.

– Våpen skal brukast

– Det har aldri vore noko tvil om at nokre av desse våpna blir brukte. Eg trur det på mange måtar er føremålet med å kjøpe våpen, at ein av og til skal kunne bruke dei, seier Barth Eide.

Det meiner Sommerfeldt er eit veldig interessant utsegn frå statssekretæren. Sommerfeldt peikar på at norsk våpeneksportpolitikk er basert på at våpna ikkje skal bli brukte.

– Om vi verkeleg ville ha fart i norsk våpenindustri, burde vi starte å sende våpen dit dei blir brukte i stor skala. Då vil vi jo få eksportert fleire.

– Det er eit paradoks at vi skal eksportere våpen som vi ikkje vil at nokon skal bruke?

– Ja, men tanken er at norske våpen skal brukast til å skremme, og ikkje i krigssituasjonar.

I dag diskuterer Stortinget eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i 2009.

– Det er rart at ikkje Stortinget krev ei sluttbrukarerklæring. USA gjer jo det i forhold til landa dei sel våpen til, seier Sommerfeldt.

AKTUELT NÅ