Dette kom fram på ein pressekonferanse på Oslo S i ettermiddag, I tillegg til dette skal det opprettast eit infrastrukturselskap, som skal ha ansvar for jernbanestrukturen, drift, vedlikehald, eigedomsdelen, trafikk og marknad.
Det vil seie at det noverande Jernbaneverket blir delt i eit jernbanedirektorat og eit infrastrukturføretak.
– Total omorganisering
– Vi skal skape ei betre jernbane der passasjerane er i fokus, sa Ketil Solvik-Olsen blant anna.
Foto: Skolt, Henrik / NTB scanpixDet var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen som saman med Linda Hofstad Helleland frå Høgre, Abid Raja frå Venstre og Hans Fredrik Grøvan frå Kristeleg Folkeparti som presenterte det dei kalla ei total omorganisering av den norske jernbana.
Dei fire politikarane sa blant anna at dei vil ha meir ut av fire tre milliardar kronene som blir brukte på jernbane her i landet kvart år. Dette skjer altså blant anna gjennom konkurranseutsetjing av ein del strekningar, slik det tidlegare er gjort med Gjøvikbana.
Det var NSB som vann denne tilbodsrunden, og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen er trygg på at NSB er godt skikka til å delta i tilbodsrundane som vil kome. Han lovde at satsinga på jernbana skal halde fram for fullt, og at jernbana også i framtida vil vere svært viktig for at fleire pendlarar skal reise til og frå jobb på ein miljøvenleg måte.
VIDEO. Sjå heile pressekonferansen her.
Heilskapleg billettsystem
Samferdsleministeren sa også at omstruktureringa gjer at norsk jernbane vil bli styrt på ein heilt anna måte enn i dag, men at systemet likevel blir til å kjenne igjen.
Det blir også presisert at sjølv om fleire selskap i framtida skal trafikkere norske jernbanestrekningar, så vil det bli eit heilskapleg billettsystem. Det blir ikkje slik at dei ulike selskapa har ulike billettsystem.
Ketil Solvik-Olsen viste som eit eksempel til at Flytoget, som i dag berre trafikkerer strekningar Drammen-Gardermoen, blir eitt av selskapa som skal konkurrere om også om andre jernbanestrekningar.
Statsråden viste til dei gode erfaringane med Gjøvikbana, i Sverige og i dei tre landa som blir rekna som dei beste jernbanelanda i Europa, Sveits, England og Austerrike. Han presiserte også kor viktig det er å tenkje framover i tid i planlegginga, og viste til Sveits, der dei no planlegg for jernbana om 50 år.
Fleire fagforeiningar er kritiske til nyorganisering av norsk jernbane, og dei møtte fram på pressekonferansen i ettermiddag.
Foto: Skolt, Henrik / NTB scanpix
– Ein betre togkvardag
– Målet er å skape ein betre togkvardag for passasjerane. Jernbanesektoren er ikkje optimalt organisert, og derfor er denne reforma naudsynt. Reforma skal blant anna føre til betre utnytting av løyvingane, klarare ansvarsfordeling, meir langsiktig tenking og konkurranse om å gi passasjerane det beste tilbodet, seier Ketil Solvik-Olsen.
Dei fire politikarane viser også til at sidan regjeringsskiftet i fjor haust har budsjettet til Jernbaneverket auka med nesten 50 prosent, og at løyvingane til vedlikehald i 2015 fører til at vedlikehaldsetterslepet på jernbanenettet blir redusert for første gong på fleire tiår.
Hans Fredrik Grøvan (KrF) meiner det er på høg tid at passasjerane får eit betre togtilbod. Han er sikker på at denne jernbanereforma, «På Nytt Spor» vil føre til at dei reisande vil oppleve ein enklare kvardag.
- Best mogleg tilbod
Abid Raja frå Venstre la vekt på at jernbana skal vere den viktigaste og mest attraktive transportmåten mellom norske byar, og han forventar jubel for planane som vart lagde fram i dag.
Vi har eitt mål for auge, og det er å gi eit best mogleg togtilbod til dei reisande, seier Linda Hofstad Helleland i Høgre. Ho peikar på at Gjøvikbanen har vorte betre etter at han
vart konkurranseutsett, og at NRK og Telenor har vorte betre av å møte konkurransen frå TV 2 og NetCom.