Hopp til innhold

- Tilbakeslag for integreringa

Høgre-leiar Erna Solberg meiner terroråtvaringa som vart framsett under demonstrasjonen i Oslo i dag, er eit alvorleg tilbakeslag for integreringa i Noreg.

Video nsps_upload_2010_2_12_23_13_24_1800.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Sjå intervjuet med Erna Solberg.

Den var ein av initiativtakarane til demonstrasjonen i Oslo i ettermiddag, Mohyeldeen Mohammad, som sa at om ikkje nordmenn slutta med å håne profeten deira, så vil Noreg få oppleve eit 11. september (terrorangrepa mot USA i 2001) eller 7. juli (terrorangrepa mot London).

- Det er ingen trussel, det er ei åtvaring, sa Mohammad.

Fleire har reagert sterkt på denne fråsegna, blant andre den norske islam-eksperten Kari Vogt. Ho kallar fråsegna krenkande mot heile det norske samfunnet.

- Krenkande mot heile samfunnet

- Dette er eit alvorleg tilbakeslag for integreringa. I dag fekk norske muslimar bruke ytringsfridomen sin for å seie at dei var moralsk indignerte. Det har dei rett til å gjere. Men når dette fører til at den opne og liberale dialigen og diskusjonen skal bremsast av frykt for terror, då blir det heilt feil, seier Erna Solberg i eit intervju med NRK.

Ho trur at ved å teikne slike scanrio, som denne talaren gjorde, vil det føre til at fleire nordmenn blir redde.

LES OGSÅ: Fleire tusen muslimar demonstrerte

LES OGSÅ: «De frivillige» vil ikke bli kalt radikale

LES OGSÅ: Advarte mot norsk 11. september

AKTUELT NÅ