NRK Meny
Normal

- Svært viktig kontrakt for norsk industri

– I den krevjande situasjonen vi norsk oljebransje er i, så er denne kontrakten til Kværner svært viktig, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).

Tord Lien

Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) kallar kontrakten til Kværner svært viktig for norsk leverandørindustri.

Foto: Morten Andersen

Det vart tidlegare i dag kjent at Statoil har tildelt Kværner og amerikanske KBR ein kontrakt på 6,7 milliardar kroner på Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen. Kontrakten gjeld bygging av dekket til utstyrs- og bustadplattforma på feltet, og bygginga skjer på Stord.

– Denne kontrakten illustrerer det eg har sagt om at norsk industri er i stand til å halde oppe si eiga konkurransekraft, og at det langvarige samarbeidet mellom leverandørar og operatørar er nøkkelen til å handtere den utfordringa vi har med det norske kostnadsnivået, seier Tord Lien til NRK.

– Største nokon gong

Han meiner at sjølv om norsk leverandørindustri i dag er i ein krevjande situasjon, så vil det framleis vere mogleg å skape verdiar og halde kompetansen i bedriftene, slik at industrien er klar når den neste oppturen kjem litt fram i tid.

Per Rune Henriksen

Stortingsrepresentant Per Rune Henriksen (AP) meiner Johan Sverdrup-feltet på mange måtar er ein redningsplanke for norsk leverandørindustri.

Foto: Arbeiderpartiet

Tord Lien minner om at dette er den største bustadkvarter-kontrakten nokon gong på norsk sokkel, og at fem norske kommunar faktisk har færre innbyggjarar enn det som er kapasiteten på denne bustadplattforma.

Han presiserer at sjølv om regjeringa oppfordrar til samarbeid mellom operatørar og leverandørar på norsk sokkel, så er det ikkje snakk om å gå inn i forhandlingar om dei enkelte kontraktane.

Også i opposisjonen er det glede over milliardkontrakten til Kværner.

– Bølgen av nedbemanninger ser ut til å avta

Tror på ubetjente oljeplattformer

– Ein gledeleg dag

– Dette er ein gledeleg dag for Kværner, for Stord, for Hordaland og for norsk petroleumsverksemd generelt, seier stortingsrepresentant Per Rune Henriksen (Ap). Han meiner at Johan Sverdrup-feltet på mange måtar er ein redningsplanke for norsk leverandørindustri.

– Det er gledeleg at alle dei store kontraktane har gått til norske leverandørar. Det viser at norsk leverandørindustri er konkurransedyktig, seier han. Han meiner det er viktig å sikre at norsk leverandørindustri også framtida skal ha både kompetanse og kapasitet til å handtere aktiviteten i bransjen i framtida.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger