Hopp til innhold

- Spark jernbaneleiinga

- Leiinga i Jernbaneverket må gå av dersom togkaoset på Austlandet ikkje tek slutt, krev Jan Bøhler i Arbeidarpartiet.

Jan Bøhler (Ap)
Foto: Morten Holm / Scanpix

I dag kallar samferdsleministeren jernbaneleiinga inn på teppet.

Svært krass

Etter massivt togkaos med mange innstillingar og forseinkingar på Austlandet det siste året, tek Bøhler bladet frå munnen.

- Blir det ikkje betre, må leiinga i Jernbaneverket gå av, krev han.

- Dei vanlege svara om at det er mykje togtrafikk og stor belastning på anlegga og at ein har stramme budsjett, dei held ikkje, rett og slett. Det er mange andre område i verda som har mykje større kollektivbelastning enn vi har her i Oslo-området, som handterer det punktleg og ordentleg, seier Jan Bøhler. Han er svært krass i ordbruken mot Jernbaneverket og NSB etter togproblema det siste året.

Les: 130 millioner på buss og drosje

- Må stille krav

- Dei har fått store, auka budsjett av den raudgrøne regjeringa. Og no må det stillast krav til dei. Viss dei ikkje greier å handtere dette meiner eg at leiinga ikkje berre kan sitje og halde fram på same vis, seier Bøhler.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete kom med eit grundig svar då Bøhler stilte henne spørsmål i spørjetimen på Stortinget i dag.

Ho sa at regjeringa har auka løyvingane til jernbane kraftig. Jernbaneverket har fått fleire hundre millionar ekstra på budsjettet kvart år. Men det tek tid før forbetringane kjem, meinte statsråden.

- Sjølv om regjeringa har auka løyvingane til jernbana kraftig, har det gjennom mange år vore løyvd for lite, både til investeringar og vedlikehald, seier Navarsete.

- Vi har ein sårbar situasjon, sidan mange anlegg er svært nedslitne, medan kapasiteten er tilnærma fullt utnytta. Det er ei grunnleggande utfordring som det vil ta litt tid å betre på, la ho til.

Svært gammalt utstyr

I fjor kom norske tog 26.000 timar for seint, og det er nesten ei fordobling på to år. Dei fleste problema er Jernbaneverket sitt ansvar.

Les: Norske tog stadig meir forseinka

- Vi ynskjer oss alltid meir pengar, sa informasjonsdirektør Anne Marie Storli i Jernbaneverket til NRK tidlegare denne veka, etter at ein ny brann førte til nye forseinkingar og innstillingar i Oslo-området.

- Jernbaneverket har vore tydeleg på det at ein del av dei tekniske anlegga våre har nådd den optimale levealderen sin, og at det er stor trong for utskifting. Det har vi vore veldig klare på overfor departementet, og signalisert at vi må satse mykje meir på vedlikehald og sørge for ei oppgradering av dei anlegga vi har, seier Storli.

Kalt inn på teppet

Men trass i etterslepet krev fleire av politikarane på Stortinget at det skjer noko raskt. Borghild Tenden frå Venstre krev kom i dag med eit representantforslag i Stortinget. Der ber ho samferdsleminister Liv Signe Navarsete om å legge fram ei eiga stortingsmelding om togtilbodet på Austlandet.

Og Jan Bøhler i Arbeidarpartiet krev at samferdsleministeren har streng kontroll med at leiinga i Jernbaneverket gjer jobben sin, slik at kaoset tek slutt.

- No må dei greie å skape ein intensitet i vedlikehaldet og kontrollen av anlegga sine, slik at det ikkje skjer togstans av den typen og så hyppig som det vi har sett i det siste. Det håper eg ministeren gir klar beskjed om, ho varsla at ho har eit møte med dei i ettermiddag, og at dei er kalt inn på teppet igjen, seier Bøhler.

- Dei har teke på seg dette overfor samfunnet. Dei kan ikkje sitje i dei stillingane og gro dersom dei ikkje klarer å rette opp det inntrykket som er, legg han til.

Les: Krisemøte om togkaos

AKTUELT NÅ