- Solvik-Olsen brukar feil oppskrift

Forbundsleiaren i Norsk Jernbaneforbund, Kjell Atle Brunborg, meiner dei borgarlege partia går i feil retning. – Dei landa som har den mest vellukka jernbanepolitikken går i motsett lei, seier han.

Et nytt jernbanedirektorat og mer konkurranse på skinnene skal gi reisende et bedre togtilbud mener regjeringe. Den de som reiser med togene møter forslaget med stor skepsis.

VIDEO: Delte meiningar om ny reform.

Brunborg viser blant anna til Sveits og Tyskland. Her er styringa av jernbana samla, seier han, ikkje splitta opp, slik regjeringspartia Framstegspartiet og Høgre, støtta av KrF og Venstre, går inn for.

– Jernbanedrift er så komplisert at det er naudsynt med ei samla og sterk organisering. Jernbanereforma til regjeringa er eigentleg ei oppskrift på privatisering, seier Brunborg i ein kommentar til jernbanereforma.

– Feil oppskrift

Leder i Norsk Jernbaneforbund, Kjell Atle Brunborg

Leiar i Norsk Jernbaneforbund, Kjell Atle Brunborg, er kritisk til det nye forslaget til jernbanereform.

– Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen brukar feil oppskrift for å få jernbana tilbake på skjener, legg han til.

Han fryktar at ei oppsplitting vil gjere vondt verre.

– Regjeringa splittar opp jernbana og seier det vi føre til meir effektiv jernbanedrift. Eit nytt direktorat, fleire selskap og konkurranseutsetjing fører til meir byråkrati, ikkje meir jernbane, seier Brunborg.

Han får støtte i kritikken frå leiaren i Norsk Lokomotivmannsforbund (NLF), Rolf Jørgensen. Han meiner reforma som regjeringa no foreslår vil leggje opp til ei svekking av NSB, noko han fryktar kan ramme godstrafikken.

Les meir om reforma her

Ikkje berre negativt

– Gods på jernbane er klimavenleg og effektivt. NSB eig CargoNet, det største godsselskapet. Når NSB misser dei økonomiske musklane sine, vil CargoNet bli hardt ramma. I verste fall kan vi risikere at CargoNet må avviklast eller seljast, seier Rolf Jørgensen.

Dei to fagforeiningsleiarane ser likevel positive element i forslaget, blant anna når det gjeld budsjett.

– Budsjettperiodar på fire år vil gjere arbeidet meir føreseieleg enn i dag, er dei to forbundsleiarane samde om. Samstundes er dei glade for at NSB, Nettbuss, Rom Eiendom og Flytoget ikkje skal privatiserast, men framleis vere i statleg eige.

– Feilslått kritikk

Ketil Solvik-Olsen

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen er ikkje imponert over kritikken frå fagrørsla.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner at kritikken frå fagrørsla er feilslått.

– Poenget med eit jernbanedirektorat er inspirert av nettopp Sveits, som fagrørsla sjølv framhevar som eit førebilete. Direktoratet skal koordinere, drive ruteplanlegging og sjå [Ketil Solvik-Olsen] langsiktig på investerings- og vedlikehaldsbehov. Nettopp det fagrørsla seier er viktig. Det dei vel å ikkje å ta med, er at det i Sveits er cirka 70 jernbaneaktørar, seier han til NRK.

NHO: – Meir effektivt

NHO Logistikk og Transport meiner forslaget frå regjeringa og støttepartia vil føre til at togtrafikken vil bli meir effektiv. – Det er positivt at regjeringa gjennomfører tiltak for å sikre ein meir effektiv togtrafikk. Vi trur desse grepa vil gi ein meir effektiv utbygging og ei sårt tiltrengt infrastrukturen til jernbana, seier styreleiar Ole Andreas Hagen.

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet, pluss støttepartia KrF og Venstre, la i dag fram forslaget sitt til jernbanereform. Det skal blant anna opprettast eit direktorat som skal styre og koordinere jernbana.

Det skal også opnast for konkurranse på ein del strekningar frå 2016 og 2017.

SISTE NYTT

Siste meldinger