- Skulemåltid fungerer

Nokre få heldige norske elevar får gratismåltid på skulen. Det burde alle få, meiner forsøksskulane.

Skolemat (Illustrasjon)
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

For elevar, lærarar og rektorar er samstemte: Gratis skulemat fungerer og gir god læringseffekt.

Forsøk

I 11 norske kommunar har det vore forsøk med utvida skuledag dette skuleåret. På forsøksskulane får elevane gratis mat.

Nokre stader får dei varme måltid, andre skular har full meny med både frukost, lunsj og eit mellommåltid med frukt og grønt. Dei fleste av skulane har eit enklare opplegg med eitt sunt brødmåltid om dagen.

Men uavhengig av kva variant som er brukt, rapporterer skulane om god læringseffekt av måltida.

Ikkje trøtte

- Lunsjen har gjort at elevane ikkje er uopplagt og trøtt på slutten av dagen, seier rektor Per Johan Blikeng på Sørenget oppvekstsenter i Namsos.

- Vi kan godt ha norsk fordjuping for førsteklassingane etter seks timar, seier han.

- Vi har sett kor viktig skulemat er for at ungane skal vere opplagde. Eg skjønnar ikkje kvifor vi ikkje skal ha skulemat i Noreg når naboland har det.

Lovar meir

Bård Vegard Solhjell.

Bård Vegard Solhjell.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

I valkampen i 2005 serverte SV varm laks og kylling til skuleelevar. Men sjølv om partiet har styrt Kunnskapsdepartementet dei siste tre åra, har det ikkje blitt rare ernæringa for dei yngste elevane.

Regjeringa har berre innført frukt og grønt for ungdomsskule-elevane, men ikkje noko meir.

No lovar kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell meir satsing på mat:

- Neste trinn blir å utvide frukt- og grønt-ordninga til barnetrinnet. SV trur ernæring og læring heng saman og at det er viktig med godt kosthald, særleg når vi utvidar skuledagen. Skulemåltid er ein viktig del av SVs politikk fortsatt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger