Hopp til innhold

- Skuffande satsing på solenergi

Noreg ligg på Europa-botn i bruk av solfangarar. Det blir ikkje betre av at berre sju personar har fått utbetalt stønad frå staten til å installere nye anlegg.

Henning Sunde

Henning Sunde er ein av berre sju som har fått stønad frå Enova til å installere solfangaranlegg.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Dette viser at solenergi er lite kjent i Noreg. Vi treng hjelp frå både Enova og styresmaktene til å betre dette resultatet, seier Jo Gjessing, generalsekretær i Norsk solenergiforeining.

Sidan august 2008 har det vore mogleg å søkje statsføretaket Enova om stønad til å byggje ut solfangaranlegg, som kort forklart nyttar solstrålene til å varme opp vatn – som igjen varmer opp huset ditt.

Men berre sju personar har så langt fått pengar frå Enova, som dekkjer 20 prosent av kostnadane og maksimalt 10.000 kroner om ein satsar på det fornybare energitiltaket.

– Enova har ikkje brukt nok ressurser på å informere om stønadsordninga.

Jo Gjessing, generalsekretær i Norsk solenergiforeining

Les også: 1 milliard til miljøvennlig energi

– Informasjonen har svikta

Dette gjer at Noreg er blant dei svakaste nasjonane i Europa til å nytta energien frå sola.

Til samanlikning har våre naboland Sverige og Danmark, som har tilnærma like klimatiske forhold som vi, 13 og 28 gonger så mange solfangarar per innbyggjar som vi nordmenn.

Norsk solenergiforeining meiner informasjonen om stønadsordninga har svikta. Det skuffar generalsekretær Gjessing.

– Enova har ikkje brukt nok ressurser på å informere om dette. Dei burde brukt meir pengar på informasjon og komepetansebygging.

Avviser kritikken

Men Enova meiner kritikken ikkje er rettmessig.

– Vi har annonsert om ordninga for fleire millionar kroner sist haust og har har hatt nesten seks tusen oppslag på våre nettsider. Vi trur informasjonen når ut til mange, seier Sverre Inge Heimdal, spesialrådgjevar i Enova.

Vi trur informasjonen om stønadsordninga når ut til mange.

Sverre Inge Heimdal, spesialrådgjevar i Enova

Les også: - Helt uten grønne ambisjoner

– Barriere å skaffe informasjon

Henning Sunde frå Asker er ein av dei sju som har fått pengar frå Enova. Han har investert 100.000 kroner i eit solfangaranlegg som sikrar 20 prosent av det totale straumforbruket.

Anlegget på taket varmar opp glykol som blir transportert i kobbarrøyr, før varmen blir avgitt til ein 750 liter stor varmtvassstank. Vatnet i den blir brukt til golvvarme og førevarming av varmtvatn.

– Det er nok ei barriere for mange å skaffe seg informasjon. Solfangarar er lite utbreidd i Noreg og det er krevjande å skaffe utstyret ein treng. Eg for min del arbeider med miljø til vanleg, og var derfor interessert i å prøve dette ut.

Andre energitiltak meir populære

Men sjølv om få ser opp mot sola og installerer solfangarar på taket, er det mange som får stønad til andre fornybare energitiltak.

Sidan Enova starta med tilskotsordninga for norske hushaldningar i oktober 2006, har totalt 10.000 husstandar fått pengar til fornybare energiløysingar som varmepumper og pelletskaminar.

Men berre sju av desse har altså fått pengar til solfangarar.

AKTUELT NÅ