Ifølgje forklaringa til Kristin i retten i dag sa Veronica Orderud då at desse pistolane ville ho iallefall ikkje ha.
Dette skjedde om lag 15 minutt etter at ho kom til garden, sa Kristin.
Etter at skotet gjekk av vart Veronica hysterisk, og sprang ut i fjøset der ektemannen Per held på med kveldsstellet, forklarte Kristin.
Ho avviser dermed Veronica sin versjon om kva som hende. Veronica har forklart at det var Kristin som avfyrte skotet, som trefte eit bilete av Odd Nerdrum på veggen.
Orderud gård i Sørumsand (foto Scanpix).
"Per forstyrra"
Per Orderud kom inn etter eit par minutt, og då dei undersøkte den eine pistolen fann dei ei tomhylse som sat fast. Ho karakteriserer Per som "forstyrra" då han kom inn, men ikkje sint. Kristin fekk beksjed om å få pistolane ut av huset før resten av gjestane kom. Ho følte at ho fekk skulda for det som hadde skjedd, og at det ikkje var rettferdig.
Ho la våpna i bagasjerommet på bilen, forklarte ho. Etter det sat ho ein periode i bilen. Ut på kvelden tok ho med seg våpena for å gøyme dei inne på låven. Ho fortalde til broren, som var blant gjestane, at det var våpen, og at ho skulle selje dei til ein torpedo. Ho kunne ikkje gi noko forklaring på kvifor ho sa dette til broren sin.
- Eg brukar ikkje lyge, sa ho, men ville ikkje fortelje han at Per og Veronica skulle ha pistolane.
Midt under middagen dukka Lars Grønnerød opp, noko Kristin ikkje var særleg glad for. Forholdet deira var inne i ein dårleg periode, fortalde ho i retten. Det at ho reiste til Molde saman med ein annan mann gjorde ikkje situasjonen betre.
Alle gjestane, bortsett frå Kristin og Lars Grønnerød, hadde reist frå garden ved 01-tida natt til julaftan.
Då det berre var dei to pluss Per og Veronica att på garden vart Kristin beden om å hente våpna. Ho hugsar ikkje spesielt kven av dei tre andre som bad henne gjere det.
Instruerte
Lars legg fram ein teori om kva som kan ha fått skotet til å gå av: Eit skot kan ha blitt sitjande att i pistolen etter at magasinet vart teke ut.
Kristin Kirkemo Haukeland forklarte at Lars Grønnerød instruerte Per og Veronica i bruke av våpna, blant anna ved å viser korleis dei skulle fylle skot i magasina.
Dette står også sterkt i strid med forklaringane til Per og Veronica Orderud.
Statsadvokat Olav Helge Thue lurte på om Kristin hadde tenkt seg eit anna bruksområde for våpna for Per og Veronica enn sjølvforsvar, svarte ho at det hadde ho ikkje.