Hopp til innhold

- Skattlegginga er ein trussel

For sterk skattlegging av fiskeriressursane er ein av dei største truslane mot matvaretryggleiken i verda, meiner naturvernorganisasjonen World Wide Fund for Nature (WWF).

Illustrasjon fra Lofoten
Foto: Hammerstad, Svein / SCANPIX

Fisk er den største naturlege kjelda til mat som vi har, men i dag vert havet tømt for denne ressursen raskare enn nokon gong før.

Generalsekretær i WWF, Rasmus Hansson.
Foto: Lise Åserud / Scanpix

Det rammer særleg dei fattigaste, seier generalsekretær Rasmus Hansson i WWF Norge.

- For sterk skattlegging rammer fattige land og det rammer småfiskarar som prøver å greie seg på fiskeressursar som vert altfor hardt skattlagde på grunn av manglande internasjonal regulering.

Ifølgje Hansson er det ikkje ulovleg fiske som er det største problemet, men det lovlege overfiske.

- Dette skjer fordi regjeringa er for svake i forhold til dei kortsiktige krava frå fiskerinæringane, seier han.

Fiskerinæringane er teknisk sett meir opptekne av å kunne betale avdrag på båten sin i morgon, enn at det skal vere fisk att i havet i overmorgon.

Rasmus Hansson

- Gjer for lite

I det internasjonale arbeidet for å regulere det globale fisket har Noreg gjort mykje, meiner Hansson. Men på heimebane gjer norske styresmakter for lite for å verne bestanden av kysttorsk, kveite og uer. Dette er artar som i dag er trua i Noreg.

- Dette er ei heilt uansvarleg forvaltning frå norske styresmakter, og den uansvarlege forvaltninga held fram. Her har norske styresmakter og Helga Pedersen ein akutt jobb å gjere i å feie for eiga dør, meiner Hansson.

- Ikkje aktuelt

helga pedersen
Foto: Thor Thrane/NRK

Ifølgje fiskeriminister Helga Pedersen har Noreg allereie gripe tak i feiekosten ved at det er innført avgrensingar på dei trua artane. Men ein total stopp i fisket av alle trua artar vert ikkje aktuelt.

- Vi må heile tida vurdere om dei tiltaka vi har sett i verk er strenge nok, men skulle vi ha sett kvota på kysttorsk til null, ville det i realiteten bety at vi måtte stoppe alt fiske innanfor tolvmilsgrensa. Då ville vi ha lagt svært mange lokalsamfunn langs kysten aude, seier ho.

AKTUELT NÅ