Hopp til innhold

- Sjømannskyrkja må kutte kraftig

Generalsekretær Ørnulf Steen i Sjømannskyrkja seier at organisasjonen må kutte 15 millionar kroner dei neste fire åra. Han er skuffa over støtta i statsbudsjettet for 2016.

Generalsekretær Ørnulf Steen i Sjømannskirken.

Generalsekretær Ørnulf Steen, fryktar at Sjømannskyrkja må kutte 15 millionar kroner dei neste fire åra.

Foto: Sjømannskirken

– Sjømannskyrkja gjer mykje meir enn å halde gudstenester. Kvar dag, heile året, hjelper vi nordmenn i større og mindre kriser over heile verda. Vi har aldri vore på fleire stader enn i er i dag, og behovet og etterspurnaden aukar. Dette ser vi dessverre ikkje igjen i statsstøtta, seier Ørnulf Steen.

Han fortel dei er nøydde til å ta grep no, om dei ikkje skal unngå kraftige kutt i drifta av organisasjonen i åra framover. Det blir ikkje snakk om oppseiingar i denne omgang, seier han, men det kan bli aktuelt å ikkje tilsetje nye i ledige stillingar.

Norsk eldrebølgje i Spania - dobling av sosialsaker

1192 nordmenn døydde i utlandet i fjor

86,1 millionar

– Vi er sjølvsagt glade for pengane vi fått, men vi hadde eit håp om at regjeringa ville halde lovnaden frå regjeringsplattforma i 2013, der dei lova å «sikre gode betingelser for Sjømannskirken», seier generalsekretæren.

I forslaget til statsbudsjettet for 2016 er det sett av 86,1 millionar kroner til Sjømannskyrkja, og det er ei prisjustert vidareføring av tilskotet for 2015, pluss ei ekstraløyving frå mai i år, der Stortinget løyvde ekstra pengar til arbeidet i Filippinane og Spania.

Staten dekkjer ein tredel av budsjettet til Sjømannskyrkja, resten er innsamla midlar frå privatpersonar og frå næringslivet.

– Behovet er større

Tilskotet frå staten dekkjer 120 årsverk. Sjømannskyrkja har søkt om å få dekt 40 årsverk til. Finanskomiteen løyvde tre og eit halvt årsverk, pengar øyremerkte til Filippinane og Spania. Det eigentlege behovet er 100 nye stillingar, fortel Steen.

– I samband med revidert nasjonalbudsjett i mai auka finanskomiteen ramma vår med 2,5 millionar eller tre og eit halvt årsverk. Vi er glade for at regjeringa i statsbudsjettet for 2016 har fylgt opp dette med å foreslå at dette skal inn i den faste støtta vår. Samstundes er det reelle behovet vårt mykje større, seier generalsekretær i Sjømannskyrkja, Ørnulf Steen.

AKTUELT NÅ