Hopp til innhold

- Set liva til eldre i fare

Heile halvparten av dei som er på jobb i pleie- og omsorgssektoren i kommunane i helgane er ufaglærte.

sykepleier
Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

For få sjukepleiarar i pleie- og omsorgssektoren i kommunane set liva til eldre i fare. Det meiner leiar Lisbeth Normann i Sykepleierforbundet.

Lisbeth Normann i Norsk sykepleierforbund.
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

- 50 prosent av dei som jobbar i pleie- og omsorgssektoren i kommunane er ufaglærte. Dette er snakk om helsearbeidarar som ikkje har relevant utdanning i det heile teke, seier ho.

Berre 15 prosent er sjukepleiarar

Tala har leiaren i Sykepleierforbundet frå analysebyrået Econ. Dei har sett på bemanninga i helse- og omsorgssektoren i fire norske kommunar, og funna stadfestar det Lisbeth Normann frykta.

På vakter der det skulle ha vore sjukepleiarar til å ta seg av dei sjukaste og gamle, er det ufaglærte som er på vakt. Det betyr også at ein planlegg å bruke ufaglærte i staden for sjukepleiarar.

Lisbeth Normann

Rapporten avdekkjar at sjukepleiarar utgjer 24 prosent av den totale bemanninga på sjukeheimane på kvardagar, medan det same talet i helgane er nede i så lågt som 15 prosent.

I helgane utgjer dei ufaglærte heile 48 prosent av den totale bemanninga.

Komplekse lidingar

I snitt er ein pleiepasient 85 år og har fleire komplekse lidingar. Lisbeth Normann krev at politikarane vaknar.

- Vi krev at ein er tydeleg på at det trengst fleire sjukepleiarar inn i pleie- og omsorgstenesta i kommunane. Behova til pasientane er så komplekse at det er heilt naudsynt, seier ho.

Lovar fleire med fagutdanning

Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Helse- og omsorgsministere Bjarne Håkon Hanssen meiner den raudgrøne regjeringa allereie har gjort ein innsats på dette feltet.

- Dei siste tre åra har det vorte 2500 fleire sjukepleiarar i norsk pleie- og omsorgssektor. Av dei 14 000 nye årsverka som har kome til under denne regjeringa, så har 80 prosent ei fagutdanning, seier han.

Helseministeren lovar også fleire fagutdanna helsearbeidarar i åra som kjem.

- Blant dei 12 000 nye årsverka vi skal ha fram til 2015, er ambisjonen at endå fleire enn 80 prosent skal ha ei fagutdanning, at vi gjennom dette skal få fleire nye sjukepleiarar inn i eldreomsorga og at vi slik får ei betydeleg fagleg styrking av både eldreomsorgen og pleie- og omsorgssektoren elles, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger