Kristin Kirkemo Haukeland forklarte i retten at ho sjølv brukte amfetamin frå 1997 (foto: NRK).
På spørsmål frå aktor Jørn Sigurd Maurud fortalde Kristin Kirkemo Haukeland at ho sjølv brukte amfetamin frå 1997, og at ho selde fem gram av stoffet til systera Veronica Orderud hausten 1998. Veronica skulle bruke stoffet til slanking, sa ho. Det var Lars Grønnerød som skaffa stoffet.
Trappa ned
Kristin hadde trappa ned forbruket i den tida ho budde saman med Lars Grønnerød, og heilt slutt vart det då ho vart varetektsfengsla, fortalde ho i retten.
-Sjølv brukte eg sprøyter ein god del av året i 1997, sa ho. Veronica har tidlegare sagt at ho ikkje hadde forutsetnad for å sjå om Kristin var påverka av amfetamin, og at ho måtte sjå etter i ei lærebok for å sjekke kliniske symptomar.
- Den jenta er smartare enn det, sa Kristin Kirkemo Haukeland.
Maurud var oppteken av kor ofte Kristin Kirkemo Haukeland var på besøk på Orderud gard etter at Veronica flytta dit. Ho fortalde at ho var ein del på besøk der, blant anna for å hjelpe til på garden. Ho likte dette arbeidet, sa ho. Blant anna reparerte ho ein traktor.
Kristin Kirkemo Haukeland sa elles at ho og Veronica ikkje hadde eit nært forhold, men at dei aldri har snakke fortruleg med kvarandre.
-Veit kva ho vil
Ho sa elles at ho ikkje visste kven som eigentleg eigde garden, men at ho hadde trudd at det var Per Orderud som var eigaren. Ho har ikkje snakka med Veronica om dette heller, sa ho.
Om systera Veronica sa Kristin at ho er ei jente som veit kva veg ho vil gå, og som er van med å få det som ho vil. Ho teikna også eit bilete av henne som skuleflink.