Hopp til innhold

- Reiten kjende til Libya-avtalen

- Konsernsjef i Hydro Eivind Reiten kjende til den omstridde Libya-avtalen.

Eivind Reiten

Det har sjefen for olje og gassdivisjonen i Hydro, Tore Torvund, etter det NRK kjenner til, forklart i granskingsrapporten som vart lagt fram i går.

Video: - Reiten kjende til Libya-avtalen

Video nsps_upload_2008_10_8_8_14_59_421.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Visste ingenting

To rapportar konkluderte i går med at Hydro gjorde feil då dei betalte pengar til ein mellommann i Libya, og at dette kan vera korrupsjon.

Eivind Reiten hevdar han ikkje visste nokon ting, og får støtte frå Hydros eigen rapport.

- Basert på fakta som kjem fram og så vidt eg kan hugsa, vart dette ikkje lagt fram for konsernleiinga, men berre handtert i ei veldig lita gruppe.

- Usannsynleg

Leiaren av fagorganisasjonen SAFE, Terje Nustad, meiner Hydros konsernsjef Eivind Reiten bør gå som følgje av Libya-saken.

- Det er usannsynlig at Reiten ikkje fekk vita noko om det som skjedde i Libya, sier Nustad til Dagsavisen.

LES: Konserndirektørar går på dagen

Torvund var sjef i Hydros olje og gassdivisjon då millionar av dollar vart utbetalt til ein agent i Libya i det som kan vera korrupsjon.

Han var ein av fleire som tysdag måtte gå frå stillinga si, medan Reiten blir sitjande.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ