KrF-leiar Dagfinn Høybråten er ikkje nøgd med budsjettet. (Scanpix-foto)
Dagfinn Høybråten minner om at regjeringa i Soria Moria-erklæringa sa at dei ville frede kontantstøtteordninga til det er oppnådd full barnehagedekning.
- Småbornsforeldre som får kontantstøtte i dag har grunn til å kjenne seg lurte, seier KrF-leiaren i ein kommentar til budsjettet.
Han seier at KrF også er skuffa over at regjeringa ikkje aukar frådraget for folk som gir gåver til friviljuge organisasjonar.