Undersøkinga som Riksrevisjonen har gjort av tilbodet frå spesialisthelsetenesta til vaksne med psykiske problem, blei i dag sendt over til Stortinget.
Riksrevisor Jørgen Kosmo er langt frå nøgd med tilstandane.
Undersøkinga viser at det er store skilnader mellom både regionar, helseføretak og institusjonar når det gjeld kapasitet til å behandle vaksne med psykiske lidingar.
Dette gjeld alle delar av tilbodet: poliklinikk, dagavdeling og døgnavdeling. Det er også store variasjonar når det gjeld prosentdel spesialistar.
LES HEILE RAPPORTEN:
Lange ventetider
I nokre område er både kapasiteten og prosentdelen spesialistar låg. Dette medfører lange ventetider, påpeikar Riksrevisjonen.
Kapasiteten, ventetida og kompetansen hjå spesialisthelsetenesta har innverknad på primærlegane sin praksis når det gjeld å tilvise pasientar.
Ein journalgjennomgang som Riksrevisjonen har gjort, viser at mange tilvisingar inneheld for lite informasjon om tilstanden til pasienten.
Samtidig er tilvisinga det viktigaste, og i dei fleste tilfella også det einaste avgjerdsgrunnlaget for vurderinga av pasienten sin rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta.
Likevel er det sjeldan at det blir spurd etter tilleggsinformasjon, og nesten ingen pasientar blir kalla inn til samtale før rettsstatusen blir avgjord.
Avgjerder om pasientane sine rettar blir tekne ut frå mangelfull informasjon om tilstanden til pasientane.
Avslaga varierer frå 3 til 79 prosent i dei poliklinikkane som er undersøkte.
Journalgjennomgangen viser at prosentdelen av tunge diagnosar er like høg blant avslaga som blant dei pasientane som får eit tilbod.
Ulik praksis
Helseføretaka praktiserer prioriteringsforskrifta svært ulikt. Opplagte rettspasientar får avslag, medan pasientar som burde fått avslag, blir tatt inn, heiter det.
Det er ingen samanheng korkje mellom diagnose og prioritering av pasienten, eller mellom diagnose og frist for behandling.
– Dette bryt klart med det som er intensjonen med forskrifta, nemleg å gi pasientane ein lik rett til helsehjelp, påpeikar Kosmo.
Lite informasjon
Mange klinikkar gir for lite informasjon til både pasient og fastlege.
Dette kan føre til at pasientane ikkje har føresetnad for å kunne hevde sine rettar, mellom anna når det gjeld høve til å klage.
Denne praksisen er ikkje berre i strid med regelverket, men òg med målsetjinga om at brukarperspektivet skal leggjast til grunn for tenestetilbodet, heiter det.
Styringsdata manglar
Viktige styringsdata manglar, og kvaliteten på dei data som ligg føre, er dårleg, meiner Riksrevisjonen.
Kvart år fastset Helse- og omsorgsdepartementet mange styringskrav og indikatorar som det i liten grad blir rapportert om, og som heller ikkje blir følgt opp.
Korkje dei regionale helseføretaka eller departementet har difor god kontroll med området, går det fram av undersøkinga.
- Systemet sviktar
Organisasjonen Mental Helse meiner rapporten frå Riksrevisjonen viser at
- Det er som vi har sagt igjen og igjen. Her er det framleis store utfordringar i forhold til både psykisk helsevern og helsevernet i kommunane, seier generalsekretæren i Mental Helse, Mette Kammen, til NRK Her & Nå.
- Det viser ein grunnleggjande mangel på respekt for pasientar innanfor psykisk helsevern, meiner ho.