NRK Meny
Normal

- Politikarane følgjer gamle spor i radikaliseringsdebatten

Journalist og forfattar Lars Akerhaug kritiserer norske politikarar for å ikkje tenkje nytt når det gjeld radikaliseringa blant norske muslimar. – Det nyttar ikkje berre å snakke om innvandringspolitikken eller manglande integrering, seier han.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå debatten frå Dagsnytt 18

Akerhaug meiner norske politikarar har ein tendens til å følgje gamle spor når dei diskuterer dette spørsmålet. Høgresida skuldar alt på innvandringspolitikken, medan venstresida heile tida skrik opp om manglande integrering, seier han.

– Dette er snakk om ungdomar som har vakse opp her i landet. Problemet er ikkje at vi har sleppt inn for mange, eller at dei er for dårleg integrerte. Sanninga er at personar vi har opplevd som bra integrerte i samfunnet i løpet av kort tid har utvikla ekstreme haldningar, sa Akerhaug i Dagsnytt 18 i kveld.

– Kunnskapsbasert

Han viser til at 50–60 ungdommar, dei fleste fødde og oppvaksne her i landet, har reist til Syria for å kjempe saman med Den islamske staten (IS) og andre ekstremistgrupper. Han fryktar at det reelle talet er endå høgare.

Akerhaug meiner det er viktig at politikken for å hindre at desse ekstreme miljøa får utvikle seg, blir gjort meir kunnskapsbasert.

– Eg synest det er skremmande. Det er to år sidan det først vart slått alarm om at norske ungdomar reiste til Syria. Vi har enno ikkje fått noko lovverk som kan hindre at det skjer. Det avslører ein brest i beredskapen. Regjeringa har no sendt eit forslag til lov ut på høyring, men det tek for lang tid, sa Lars Akerhaug blant anna.

LES OGSÅ: Norge betaler for sykehus som behandler IS-krigere

– Hastverk

Han meiner det hastar med å setje i gang nye tiltak som skal hindre rekruttering til dei radikale miljøa, og at det er viktig at tiltaka som blir sette i verk er baserte på forsking, slik at vi veit at dei verkar.

Sjå debatten mellom Lars Akerhaug, Jan Bøhler (Ap) og Mazyar Keshvari (Frp) i Dagsnytt 18 i kveld i videoen over.

LES OGSÅ: Slik ble IS verdens mektigste og største terrororganisasjon på rekordtid

LES OGSÅ: - Jeg tror ikke det er noen spesiell grunn til at det er mange fra Østfold

LES OGSÅ: Forsker vil ha mer islam i skolen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger