Hopp til innhold

- NRK overlever ikkje med reklame

Den norske reklamemarknaden er for liten til å finansiere drifta, meiner ekspertane.

NRK Marienlyst
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Framstegspartiet vil fjerne NRK-lisensen dersom partiet får regjeringsmakt. Partiet vil i første omgang fjerne NRK lisensen og deretter på sikt privatisere og reklamefinansiere mediebedrifta.

Les: - Frps politikk vil rasere norske mediehus

Mettar ikkje NRK

Aktørar innan media og reklamebransjen meiner dette er ein dårleg ide, og at NRK ikkje vil overleve som reklamefinansiert tv-kanal.

- Det er heilt umogleg for NRK å overleve på reklameinntekter. Vi er for få menneske i Noreg, og det vil aldri bli nok reklamepengar til å mette eit NRK slik vi ser verksemda i dag, seier styreleiar Arne-Inge Christophersen i Mediebyråenes Interesseorganisasjon.

NRK har i dag eit budsjett på om lag 4,5 milliardar kroner, medan annonseinntektene i dagens tv-marknad ligg på rundt 3 milliardar kroner.

- Sjølv om NRK skulle lykkast i å klare å ta alle reklameinntektene for tv, vil det likevel ikkje finansiere NRK slik vi kjenner bedrifta i dag. Ein må stille to spørsmål, kor mykje må ein slanke NRK og kor mykje vil NRK klare å ta av reklamekaka?, seier medieøkonom Arne H. Krumsvik ved Institutt for media og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

Store protestar

Skulle NRK klare overgangen til ein kommersiell marknad, vil konsekvensane blir store også for dei andre aktørane, meiner medieforskarane.

- Det vil få alvorlege konsekvensar dersom NRK skulle lykkast. Dei vil nok gjere sit beste for å stoppe dette. Det har vi allereie sett med dei massive protestane mot at NRK har reklame på nettsidene sine, seier Krumsvik.

Medieekspertane er sikker i si sak, men nestleiar Per Sandberg i Framstegspartiet er likevel ikkje i tvil om at NRK vil gjere det godt med reklamefinansiering.

- NRK er ein viktig aktør og ein dyktig aktør, og eg er heilt sikker på at NRK vil gå inn på reklamemarknaden og få sin del, seier han.

AKTUELT NÅ