Hopp til innhold

- Norsktoppen ikkje vårt bord

FrP tek nedlegginga av Norsktoppen opp i Stortinget. Slik innblanding høyrer andre regime til, seier Trond Giske.

Kanskje på Norsktoppen
Foto: Erik Forfod

Avgjerda til NRK om å leggje ned Norsktoppen blir teke opp i spørjetimen i Stortinget.

- Eg vil be kulturminister Trond Giske sjå på saka, og gjere sitt for at NRK gjer om vedtaket, seier mediepolitisk talsmann i FrP, Ulf Erik Knudtsen.

Han er svært skuffa over NRK som har vedteke å leggje ned programmet.

Les: - P1-ledelsen dreper mangfoldet

Dermed kjem vedtaket opp spørjetimen i Stortinget 5. mars.

Blandar seg ikkje inn

Kulturminister Trond Giske skjønar ikkje poenget med at Frp trekkjer spørsmålet inn i Stortinget.

NETT-RADIO: Trond Giske om Norsktoppen

- Det høyrer heilt andre regime til at Storting, regjering og departement blandar seg inn i kva program ein radiostasjon sender, meiner Giske.

Personleg er Trond Giske glad i Norsktoppen, men han blandar seg ikkje inn i NRK sin programpolitikk.

- Vi politikarar kan godt ha ynskjer og meiningar om kva NRK sender, men vi skal halde oss langt unna kva program redaktørane i NRK vel av å sende, seier kulturministeren.

- Gløym det FrP

Dersom Stortinget ikkje endrar vedtaket etter spørjetimen, er det mogleg for FrP å leggje fram saka når Stortinget seinare i år skal diskutere programpolitikken til NRK.

Valgjerd Svartstad Haugland er styremedlem i NRK og tidlegare kulturminister. Ho meiner FrP kan gløyme å få gjort om avgjerda til NRK.

-  Trond Giske kan ikkje gjere noko som helst med vedtaket. Det er heilt og fullt opp til NRK å avgjere sin eigen programpolitikken, seier Haugland.

- Arrogant av NRK

Knudsen meiner programmet gjennom 35 år vist at det er viktig for norsk musikk.

– Det er arrogant av NRK å leggje ned eit program som har over 365 000 lyttarar i gjennomsnitt, seier han.

Nedlegginga av Norsktoppen har ført til opprør landet rundt. Det er tydeleg at programmet har sett spor i den norske folkesjela.

Les: - Vi gir ikke fra oss Norsktoppen

AKTUELT NÅ