Hopp til innhold

- Norske leiarar har skulda

Tidlegare leiarar er skuld i problema ved John Bauer-gymnasa i Norge, seier den svenske grunnleggjaren av Skandinavias største friskulekjede.

Rune Tedfors

John Bauer-grunnleggjar Rune Tedfors seier han har full tillit til at den noverande leiinga skal betre tilhøva ved dei norske skulane.

Foto: Jørn Andre Lien / NRK

- Tidlegare leiarar ved John Bauergymnasa i Noreg svarte ikkje til mine forventningar. I haust har vi blant anna bytta ut ein del personar som ikkje fungerte, seier Runde Tedfors, som er grunnleggaren av den svenske kjeda av vidaregåande skuler.

Han seier han har full tillit til at den noverande leiinga skal betre tilhøva ved skulane i Oslo og Bergen.

Stort forbruk av leiarar

Tedfors nektar å svare på kva personar han siktar til.

Men ei kjapp opptelling viser at dei to skulane i Noreg utvilsomt har hatt eit stort forbruk av personar i leiande stillingar. Seks rektorar og to daglege leiarar har slutta i løpet av to år.

Sigve Austheim vart tilsett som den første rektoren ved skulen i Oslo hausten 2005. Han slutta etter eit halvt år, men blei likevel henta inn igjen som "ryddegutt" etter at Fylkesmannen i fjor haust opna tilsyn mot skulen etter NRKs avsløringar om pengebruk og administrativt rot ved skulen.

Dårleg undervisning

Fleire personar er blitt fjerna blant anna fordi undervisninga til elevane ikkje har vore god nok, hevdar Tedfors.

- I vårt konsept står eleven i sentrum og undervisninga skal tilpassast den enkelte. Vi tilbyr såkalla problembasert læring, der kvar elev skal lage problemstillingar og bestemme korleis dei skal jobbe vidare med desse.

- Tidlegare leiarar har ikkje klart å innføre denne haldninga til lærarane i klasserommet. Undervisninga har blitt for tradisjonell. Det har blitt for mykje tavleundervisning, seier Tedfors til NRK.

I konflikt med fleire rektorar

NRK har vore i kontakt med fleire tidlegare avgåtte rektorar ved John Bauer-gymnasa. Dei fnys av kritikken, men vil ikkje stå fram offentleg. Men gjennomgangstonen er at skulen ikkje vil kome på rett kjøl før den noverande leiinga blir skifta ut.

Drivarane av John Bauer-gymnasa har vore i konflikt med fleire tidlegare personar i leiande posisjonar.

I førre veke blei skulen dømt til å betale 1,2 millionar kroner i erstatning til ein tidlegare rektor for usakleg oppseiing.

I neste månad møter dei igjen ein tidlegare rektor i retten. Han meiner blant anna at han blei pressa til å skrive under på sin eigen avskjedssøknad.

AKTUELT NÅ