Hopp til innhold

- Noreg er ein bremsekloss

Noreg har engasjert seg sterkt for å få til eit internasjonalt forbod mot klasevåpen, men kvir seg for å vere pådrivar for eit forbod mot atomvåpen.

Klasevåpen
Foto: NRK

- Det regjeringa no har fått til med klasevåpen, er akkurat det same dei seier det ikkje er mogleg å få til med atomvåpen, seier leiar Stine Rødmyr i Nei til Atomvåpen.

Norsk initiativ fører fram

Denne veka møtest representantar frå over hundre land i Oslo for å skrive under eit internasjonalt forbod mot klasevåpen. Utanriksdepartementet kallar forbodet den viktigaste nedrustingsavtalen verda har sett dei siste 10 åra.

At den endelege avtalen vert skriven under i Oslo, kan sjåast som eit kompliment til Norge, som lenge har vore ein pådrivar for forbodet.

Då dei internasjonale klasevåpenforhandlingane i FN og under den internasjonale rammeavtalen CCW låste seg i 2006, var det utanriksminister Jonas Gahr Støre som tok initiativet til å ta forhandlingane ut av desse organa og starte ein ny prosess. Halvtanna år seinare vart 111 land samde om eit forbod.

LES: Norsk initiativ til våpenkonferanse

LES OGSÅ: Enighet om klasevåpenforbud

Røystar mot atomvåpenforbod
Stine Rødmyr

Stine Rødmyr, styreleiar i Nei til atomvåpen.

Men den norske regjeringa kvir seg frå å ta ei pådrivarrolle i å få til eit forbod mot atomvåpen.

Dei siste åra har Noreg, saman med fleire andre NATO-land, tvert om røysta mot fleire resolusjonar som krev at det vert starta forhandlingar om eit atomvåpenforbod.

- Noreg har vore ein bremsekloss. Ved å røyste mot eit forbod gjev vi allierte NATO-land ryggdekking for å halde på atomvåpna sine. Dersom den norske regjeringa meiner alvor med snakket om å få til ei atomvåpenfri verd, så må ho også handle tydeleg, meiner Rødmyr.

- Tida er ikkje inne

Ifølgje nedrustingsrådgjevar Knut Langeland i Utanriksdepartementet, er ikkje tida inne for å starte forhandlingar om eit forbod mot atomvåpen.

- Hovudutfordringa i dag er å tryggje Avtalen mot spreiing av atomvåpen. Dette er i høgste grad ein nedrustingsavtale med ei atomvåpenfri verd som endeleg mål.

- Det er ikkje føremålstenleg å gå inn for eit atomvåpenforbod utan at alle er med. Dei store landa må vere på glid for at det skal nytte å gjere noko, seier han.

Dei største er ikkje med

Når klasevåpenforbodet denne veka vert underteikna, skjer dette derimot utan dei største produsentane og brukarane av klasevåpen. Land som USA, Russland, Kina, India, Pakistan og Israel, som til saman står for om lag 70 prosent av klasevåpna i verda, er nemleg ikkje med på avtalen.

Avtalelanda trur likevel at klasevåpen kjem til å verte så sterkt fordømt gjennom forbodet at det vil påverke bruken av klasevåpen også blant statane som står utanfor.

Her støttar dei seg på erfaringar frå Landmineforbodet som vart underteikna i 1997. Denne avtalen var det heller ikkje alle som ratifiserte, men dei fleste landa har likevel valt å følgje forbodet i praksis, fordi landminer no vert så sterkt fordømt.

Erfaringane frå mineforbod og klasevåpenforbod er likevel ikkje noko Utanriksdepartementet vil bruke som argument når det gjeld atomvåpen.

- Må hindre spreiing

- Ein viktig føresetnad for å kunne avskaffe atomvåpen er at det internasjonale samfunnet får på plass eit vasstett ikkje-spreiingsregime. Difor er det viktig å støtte opp om det internasjonale atomenergibyrået, seier Knut Langeland.

Han syner til at nedrustingsarbeidet trass alt går framover.

- Talet på kjernevåpen er redusert frå 70 000 til 25 000. Vi går mot eit nullpunkt, sjølv om det vert ein lang og vanskeleg prosess å kome heilt dit.

Langeland understrekar at det kjernefysiske nedrustingsengasjementet til Noreg er breitt.

- Vi leier an i 7-landsinitiativet, som har som mål å byggje bru og leggje forholda til rette for ei ny internasjonal semje om kjernefysisk nedrusting og ikkje-spreiing. Vi er også pådrivarar for nedrusting i NATO.

- Forhandlar med atomvåpen

Torbjørn Graff Hugo i Norske Leger mot Atomvåpen meiner likevel at den norske røystinga i FN er moralsk problematisk.

- Ved å røyste mot eit forbod i FN bruker Noreg atomvåpen som forhandlingskort i NATO. Atomvåpen er eit eksistensielt spørsmål, ikkje ein spar ess. Vi bør røyste blankt, som eit minimum.

Han meiner vi bør ta inn over oss at Noreg også er verna av atomvåpen, gjennom NATO.

- Noreg kan faktisk ta eit val. Ønskjer vi å vere verna av atomvåpen, eller ønskjer vi det ikkje. Dersom vi ikkje ønskjer det, er vi nøydde for å snakke om NATO, og vi må støtte forhandlingar om eit atomvåpenforbod, seier Graff Hugo.

Det vert meir om temaet på "I Kveld" på NRK1 klokka 22.20.

Der kjem mellom andre eit offer for klasevåpen og fortel si historie, saman med Camilla Helgsen frå Norges Røde Kors og Per Nergård frå Norsk Folkehjelp som har kjempa mot klasevåpen i mange år.

AKTUELT NÅ