Hopp til innhold

- Nordmenn er ikkje redde

- Det einaste folk er redde for så langt er at dei ikkje skal kome seg på tur i jula, seier dagleg leiar i reisebyrået Wikstrøms reiser.

Ragnar Wikstrøm

Ragnar Wikstrøm

Foto: Anne Lognvik / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Norske reisebyrå og flyselskap jobber på spreng for å få heim passasjerar som er råka av demonstrasjonane rundt flyplassen i Bangkok.

Det har vore ein travel dag hjå reisebyrået Wikstrøms reiser i Skien. Byrået har om lag 200 turistar i Thailand no og slit med å få dei heim.

- Har ingenting med turistane å gjere

I morgon reiser dagleg leiar Ragnar Wikstrøm i Wikstrøms reiser sjølv til Thailand for å hjelpe til.

Han er ikkje uroleg.

Dette er ei intern uro og har ingenting med turistane å gjere.

Ragnar Wikstrøm / NRK

Meldingane han har fått frå reiseleiarane i Thailand fortel det same.

- Folk er ikkje redde. Eg har snakka med fire av turleiarane våre i dag, og ingen er nervøse. Det einaste folk er redde for så langt er at dei ikkje skal kome seg på tur i jula, seier Wikstrøm.

- Alle tek det roleg Det er ikkje noko panikk her. Vi har ikkje merka nokon ting, seier reiseleiar Mona Myren på telefon frå Thailand.

- Relativt trygt

Utanriksdepartementet har heller ikkje endra sine reiseråd for landet. Om situasjonen i Bangkok skriv departementet at "Norske borgere oppfordres til å utvise aktsomhet, holde seg unna demonstrasjoner og større folkemengder, følge med i media og å lytte til råd fra lokale myndigheter".

Med unnatak av dei urolege privinsane vert Thailand halde fram som eit relativt trygt land å reise i på regjeringa sine nettsider.

Vanskar med å kome seg heim

Eit airbusfly frå SAS med plass til 260 passasjerar er eit av flya som står fast på flyplassen i Bangkok som følgje av dei store demonstrasjonane. Fleire flyselskap brukar også denne flyplassen til å mellomlande på ruter frå andre land.

Ragnar Wickstrøm meiner det er om mellom 8.000 og 10.000 nordmenn i heile Thailand no.

Sjå: Tror 10.000 nordmenn er i Thailand

Wikstrøms reiser fortel at dei gjer kva dei kan for å få folk heim på andre flyselskap så raskt som mogleg.

Les: Derfor demonstrerer de

AKTUELT NÅ