NRK Meny
Normal

- Nordmenn er blåøygde på nett

Vi er godtruande som let oss lure av e-post med falske milliongevinstar, meiner generalsekretær Per Morten Hoff i IKT-Norge.

Nordmenn er godtroende på nett
Foto: Colourbox

Han er oppgitt over at stadig fleire nordmenn let seg lure av falske milliongevinstar.

LES: - Du har vunnet 185 000 euro

- Vi er litt blåøygde i Noreg. Alle drøymer om den store lottogevinsten, og vi greier ikkje motstå freistinga, seier Hoff.

Økokrim meiner at minst 100 millionar kroner forsvinn ut av Noreg til Nigeria kvart år.

LES: 100 millioner til nigeriansk mafia

Stort tankekors

I over 30 år har svindlarar sendt brev til folk over heile verda der dei fortel at folk har vunne store gevinstar, og kan få utbetalt premien dersom dei betaler eit gebyr.

Per Morten Hoff i IKT-Norge

Generalsekretær Per Morten Hoff i IKT-Norge meiner folk må bruke vett på nett.

Med tida har svindlarane gått over til å sende e-post og SMS, og stadig fleire nordmenn går på limpinnen.

Hoff meiner det bør ringje nokre alarmklokker før det går riktig gale.

- Dersom ein framand person stoppar oss på gata, og fortel at han vil gje oss pengar, blir folk skeptiske med ein gong. Det er eit stort tankekors at nokre går rett i fella når beskjeden kjem på e-post, seier han.

Aukar kraftig i Sverige

Nettsvindel aukar kraftig i Sverige. 3500 nettsvindelsaker vart meldt til politiet dei fem første månadene i år.

Det er ei auke på 23 prosent samanlikna med same periode året før, skriv Svenska Dagbladet.

Dei vanlegaste lovbrota er e-post og annonsar som oppmodar til innbetalingar, i tillegg til svindel med kredittkort.

- Vi ser ei enorm auke av denne typen lovbrot. Kvar gong du brukar kortet ditt på nettet, risikerer du at nokon får tak i betalingsinformasjonen, og brukar det til å få tak i pengane dine, seier Anders Ahlquist ved Rikskriminalen i Stockholm.

Midelaldrande går i fella

Utviklinga i Noreg går i same retning, og Hoff fortel at det er middelaldrande mellom 35 og 60 år som i størst grad blir lurt.

Les: Svindles på finn.no

- Ynge er meir fornuftige og meir bevisste på problematikken. Dei eldre er skeptiske til alt som har med nettet å gjere, seier han.

Hoff meiner det blir informert godt nok om svindlarforsøka, og oppmodar folk til å bruke vett på nett.

- Dette handlar ikkje om at folk ikkje blir åtvara godt nok. Vi må bruke sundt bondevett, meiner han.

LES: Grådige nordmenn lar seg lure

LES: Svindlet over 100 kunder

LES: Svindlet for 12 millioner

LES: 52 Nigeria-svindlere arrestert

LES: Prøver å svindle universiteter og høyskoler

LES: ”PC” var engangsgrill

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger