Hopp til innhold

- NHO feilinformerer

- Næringslivets hovudorganisasjon driv systematisk feilinformasjon om formuesskatten i valkampen, meiner professor Terje Hansen ved Norges Handelshøyskole.

Økonomiprofessor Terje Hansen
Foto: Bjåland, Nils / Scanpix

Formueskatten har vore eit heitt tema under valkampen, og det har vore laga reportasjar om små og mellomstore bedrifter som slit på grunn av denne. Formueskatten er ein rein trussel mot små og mellomstore bedrifter, meiner NHO.

Ifølgje økonomiprofessor Terje Hansen har NHO ved fleire høve rekna feil, og lurt både journalistar og politikarar.

- Gagnar dei tonegjevande i NHO

- Døma som er trekte fram har hatt som føremål å syne kor ille formueskatten er for eigarar av bedrifter. Når vi går inn og sjekker dei faktiske forholda, syner det seg at formueskatten som kjem fram i program NHO står bak, er feil, seier Terje Hansen.

Han meiner NHO medvite har feilinformert, fordi dei vil avskaffe heile ordninga, noko som igjen gagnar dei superrike, eller dei tonegjevande i NHO.

Det er ingen løyndom at det er sterke kapitalkrefter i NHO som ønskjer å fjerne formueskatten.

Terje Hansen

- I dei tilfella vi har sett på er det heilt openlyst at NHO har visst, eller burde ha visst, at informasjonen dei gjekk ut med var feil.

- Vil øydeleggje skattemoralen

Alle som har ein formue over 470 000 kroner, må i dag betale 1,1 prosent i formueskatt.

Ifølgje tal frå Finansdepartementet, har 800 nordmenn ein formue over 100 millionar kroner i 2009. Hansen meiner det ikkje vert rett dersom desse no slepp unna som nullskatteytarar.

- Dersom vi avviklar formueskatten, vil fleirtalet av milliardærar i Noreg ikkje lenger betale skatt. Det er etter mi meining svært urovekkjande.

- Skulle mange milliardærar verte nullskatteytarar, vil det vere øydeleggjande for skattemoralen i Noreg, seier Hansen.

Han meiner det er naudsynt å oppretthalde ei viss symbolsk formuesskattlegging av milliardærane.

Vedgår feil tal

Næringspolitisk direktør Petter Brubakk i NHO meiner det er feil å påstå at dei medvite feilinformerer om formuesskatt. Men han vedgår at NHO har bidrege med feil utrekningar.

- Det er komplisert å rekne ut formuesskatt, og det er rett at vi uheldigvis ein gong i valkampen har gjeve ut feil tal. Men eg syns ikkje det på nokon måte endrar hovudbilete, som er at norske eigarar i private bedrifter betalar ein formuesskatt som hemmar dei, hemmar utviklinga av bedriftene og i nokre tilfelle også set arbeidsplassar i fare.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger