NRK Meny
Normal

- Modig og på sin plass

- Modig og på sin plass å trykkja teikninga no, seier Vebjørn Selbekk, redaktør i Magazinet.

Vebjørn Selbekk
Foto: NRK

Tegning i Adresseavisen, person med Muhammed på brystet

Faksimile frå Adresseavisen

Foto: Jan O. Henriksen/Adresseavisen

Adresseavisen trykte i dag ei teikning av ein person med sjølvmordsbelte og teksten "Jeg er Muhammed og ingen tør trykke meg!".

Men avisa hevdar teikninga ikkje er knytta til profeten Muhammed.

- Det er feigt å ikkje stå for det dei har trykt, svarar Abid Q. Raja.

Desse møttest til debatt i Dagsnytt 18.

- Trur ikkje på Adresseavisen

Raja seier han ikkje er i tvil om at denne teikninga kan oppfattast som profeten Muhammed.

- Eg trur ikkje på at Adresseavisen ikkje kan ha tenkt tanken at teikninga kan oppfattast som ein karikatur av Muhammed, seier han.

- Me ynskjer ikkje å utfordra ein religion

Sjefsredaktør Arne Blix seier det har aldri vore Adresseavisen si meining å provosera unødvendig, men at dei ikkje kan ta seg fri frå å ha eit vake auge når ting skjer.

- Me ynskjer ikkje å utfordra ein religion, men å utfordra alle som brukar religionen til å forsvara ei terrorhandling, som den me såg i Islamabad i går.

Han legg til at teikninga ikkje skal illustrera Muhammed.

- Det er eit forsøk på å kle av dei som brukar namnet til Muhammed til å forsvara noko som ikkje kan forsvarast, seier Blix.

- Me må reagera

Vebjørn Selbekk fekk sjølv mykje pepper då Magazinet trykte dei danske Muhammed-karikaturane for eit par år sidan og meiner det er rett av Adresseavisen å trykkja teikningane no.

- Eg støttar Adresseavisen si avgjersle i denne saka. Me må reagera som brukar av det frie ord når det skjer valdsanslag mot ytringsfridomen.

- Det eg trur me skal tenkja på, er korleis internasjonale konsekvensar dette kan få.

Sjå heile debatten i Dagsnytt Atten her

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger