NRK Meny
Normal

- Kommunar bør ha minst 15.000-20.000 innbyggjarar

Ekspertutvalet som i dag la fram sin rapport om kommunestrukturen, meiner at alle kommunar i framtida bør ha minst 15.000-20.000 innbyggjarar.

Jan Tore Sanner og Signy Irene Vabo

Professor Signy Irene Vabo overleverte rapporten til kommunalminister Jan Tore Sanner.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Leiar i ekspertutvalet, professor i statsvitskap ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Signy Irene Vabo, presenterte klokka 11.30 i dag konklusjonane og overleverte rapporten til kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Utvalet meiner at eit innbyggjargrunnlag på 15.000 til 20.000 er naudsynt for at kommunane skal kunne gi ei skikkeleg tenestetilbod innan breie tenester og gode nok fagmiljø i spesialiserte tenester som barnevern, meiner ekspertutvalet.

Ikkje minimumstal

Jan Tore Sanner

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) vil ikkje setje eit minimumstal på kor mange innbyggjarar ein kommune bør ha.

Breie tenester er først og fremst helse, omsorg og undervisning. Spesialiserte tenester er til dømes barnevern, spesialundervisning, legevakt og PPT (Pedagogisk psykologisk teneste).

Utvalet meiner at talet på kommunar i Noreg må ned mot 100, mot 428 i dag.

Kommunalminister Jan Tore Sanner seier i ein kommentar at det ikkje er naturleg å setje eit minstetal på 15.000 innbyggjarar i norske kommunar, og at vi i framtida heilt sikkert vil ha kommunar med færre innbyggjarar.

Sanner seier likevel at han er samd i konklusjonane i rapporten, og denne blir eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med ein ny kommunestruktur. Sanner gjer det klart at han ynsker eit breitt samarbeid om kommunestrukturen i Stortinget.

Les heile rapporten her: Rapport om kommunestrukturen

– Mindre detaljstyring

Utvalet tilrår også at staten bør redusere detaljstyringa av kommunane, og at ordningane for politisk deltaking bør vidareutviklast for å sikre gode og slagkraftige arenaer.

I rapporten heiter det at utvalet har hatt som utgangspunkt at kommunar skal løyse alle oppgåvene sjølve, og så sett på kva storleik som er naudsynt for å ha gode nok fagmiljø.

– Utgangspunktet er kommunane sine eigne vurderingar av naudsynt storleik når dei går inn i interkommunalt samarbeid. Det er ulik storleik for dei ulike tenestene, men samla tilrår vi at ein kommune bør ha mellom 15.000 og 20.000 innbyggjarar.

LES OGSÅ: Storkommune fra Bykle til Kristiansand

LES OGSÅ: – 328 av 428 kommuner kan bli borte

Kommunesamanslåingar

Dersom dette blir ei realitet, vil svært mange norske kommunar måtte slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar.

Signy Irene Vabo trekkjer fram følgjande kriterium for kommunane: God nok kapasitet, god nok kompetanse, tilstrekkeleg distanse, effektiv tenesteproduksjon, økonomisk soliditet, valfridom, funksjonelle samfunnsutviklingsområde, høg politisk deltaking, lokal politisk styring og lokal identitet.

Ho nemner også to kriterium til staten. Staten skal ha ei brei oppgåveportefølje og statleg rammestyring.

LES OGSÅ: Ler av innbyggergrense på 20.000

LES OGSÅ: Sp-ordførere vil halvere antall kommuner

Halvparten under 5000

Ho viste til at halvparten at kommunane her i landet har under 5000 innbyggjarar, medan 75 prosent av innbyggjarane bur i dei 100 største. Dei minste kommunane har altfor mange lovpålagde oppgåver, slik at 80 prosent av kommunane er med på ei eller anna form for interkommunalt samarbeid.

Trenden er, sa ho, at folk flyttar frå dei små kommunane til større kommunar.

Vabo trekte fram barnevernet som eit eksempel på ei kommunal oppgåve som er vanskeleg for små kommunar. Ekspertar seier at barnevernet bør ha minst fem tilsette for å kunne gjere tilfredsstillande arbeid. I kommunar med under 5000 innbyggjarar jobbar det i snitt 2,4 personar med barnevern.

Ho nemnde også at kommunane har fått svært mange nye oppgåver sidan 1960-talet, då den noverande kommunestrukturen vart sett i verk.

LES OGSÅ: Ikke interessert i kommunesammenslåing

LES OGSÅ: Vil ikke være med på nytt kommunekart

– Uavhengig vurdering

Ekspertutvalet seier om arbeidet sitt at dei har gjort ein uavhengig vurdering av utviklingstrekk i samfunnet, endringar i kommunane sitt ansvar sidan førre reform og fagmiljø i både breie og spesialiserte tenester.

Utvalet tek føre seg det dei kallar særskilde utfordringar i byområde som gir dårlege løysingar, og der innbyggjarane lever liva sine på tvers av kommunegrensene. Dei tilrår at kommunestrukturen i større grad bør falle saman med det funksjonelle området som innbyggjarar og næringsliv steller seg til.

Dette kan peike mot ein storkommune der dei fleste kommunar rundt Oslo blir innlemma.

LES OGSÅ: Storkommune fra Bykle til Kristiansand

LES OGSÅ: Ler av innbyggergrense på 20.000

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger