NRK Meny
Normal

- LO skal framleis vere sterkt

Påtroppande LO-leiar Roar Flåthen lovar eit sterkt LO, men vil ikkje svare på om han stiller seg bak Fougner-rapporten.

Den nye LO-leiaren Roar Flåthen
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Roar Flåthen, som har bakgrunnen sin frå privat sektor i Fellesforbundet, sa på sin pressekonferanse i Folkets Hus i Oslo i ettermiddag at han var lei seg for måtten Gerd-Liv Valla no har gått på.

Flåthen seier at LO-sekretariatet la rapporten til side etter at Gerd-Liv Valla gjorde det klart at ho ville gå av.

 

Det er ikkje aktuelt med ei avrøysting om rapporten, seier han. Men han gjorde det klart at LO som arbeidsgjevar vil arbeide med nokre av dei problema som rapporten skisserer.

- Vi skuldar LO-medlemene å sjå framover og vise evne til å stå samla, samstundes som vi går vidare med arven etter Gerd-Liv Valla, sa Flåthen blant anna.

Han sa også at hadde det stått på han, skulle han gjerne ha samarbeidd med Gerd-Liv Valla også i dei to åra som står att til neste LO-kongress.

Flåthen har tidlegare gitt si fulle støtte til Gerd-Liv Valla og hennar handtering av konflikten med Ingun Yssen.

Flåthen brukte mykje av tida på pressekonferansen til å forsikre om at LO framleis skal vere ein sterk arbeidstakarorganisasjon og ein viktig samfunnsaktør også med han som leiar.

- Noreg treng eit sterkt LO, slo han fast.

Den nye LO-leiaren ville ikkje fortelje så mykje på kva som hadde gått føre seg på møtet i sekretariatet i dag, men han sa lakonisk at det neppe var nokon som syntest at det var eit hyggjeleg møte.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger