Det norske utanriksdepartementet kom i ettermiddag med eit revidert reiseråd. Dei ber no alle nordmenn halde seg unna heile Sri Lanka. Dette på grunn av dei omfattande øydeleggingane, og den store faren for at det skal bryte ut epidimiar.
Skjerpt tilråding
Tidlegare har UD bede folk om å tenkje seg godt om før dei reiser til desse områda, men no er ordlyden i tilrådinga skjerpt. No ber UD nordmenn om ikkje å reise til desse områda, og at dei som er der bør kome seg ut.
Nordmenn bør heller ikkje reise til, eller opphalde seg i, dei sørvestlege delene av Thailand, det området av landet som er hardast råka av den katastrofale flodbølgja i Det indiske hav.
Alle skal heim
Den største norske turoperatøren på Thailand, Star Tour, opplyser at dei vil evakuere alle sine gjestar frå Sør-Thailand innan 1. januar. Dei som ikkje vil heim, må betale heimreisa sjølv, heiter det i eit oppslag som Star Tour har hengt opp rundt om på hotella sine.
- Alle skal heim innan 1. januar, seier Jim Olsverberg i Star Tour til NTB.
Medan fleire hundre nordmenn ventar desperat på å kome heim, er det mange som nektar å reise fordi dei leitar etter sakna familiemedlemer.
Informasjonssjef Emma Elisabeth Vennesland i Europeiske Reiseforsikring seier på telefon til NTB frå Phuket i Thailand at det framleis er sjansar til å finne overlevande nordmenn rundt om på mindre sjukehuset i regionen. Mange er også frakta til Bangkok av millitær-helikopter.
Smittefare
Norske helsestyresmakter er ikkje redde for at dei norske turistane som overlevde flaumkatastrofen, skal brige med seg smittsame sjukdomar heim.
- Smittekjelda er knytte til drikkevatnet, og vi reknar med at norske turistar har tilgang til reint drikkevatn på flaskar, seier Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet.
Han understrekar at turistane bør vere ekstra på vakt med at drikkevatnet kjem frå flasker eller er kokt, og at dei elles følgjer dei råda som blir gitt frå lokale styresmakter.