Hopp til innhold

- Det bør bli mindre lekser

- Det må bli mindre lekser i norsk skule dersom skuledagen blir utvida, meiner fungerande barneombod Knut Haanes.

Knut Haanes
Foto: Elvi Rosita Norvang / NRK

Nokre norske skular tenker nytt om lekser. Nyborg skole i Trondheim har kutta ut lekser for dei yngste elevane.

Lange dagar

Skulen er nemleg ein av fleire forsøksskular der elevane har hatt lengre skuledagar i år. Rektor Kåre Moum meiner det vart feil å skulle gje dei små lekser i tillegg til lange dagar.

- Elevane på førstetrinnet har i utgangspunktet ikkje lekser. Vi tenkte at innanfor ei 27-timersveke har ungane så lange dagar at det

Kåre Moum, rektor Nygård skole, Trondheim
Foto: Håvard Grønli

vart nok. Å kome heim etter ein 8-9 timar lang skuledag, og så skulle gjere lekser i tillegg, ville bli for hardt, seier han.

Heilag ku

Fungerande barneombod Knut Haanes er samd med Nyborg-rektoren.

- Lekser er ei heilag ku i norsk skule. Det er nesten som ei naturlov, lekser er noko ein skal ha. Altfor få stiller spørsmål ved kor stort læringsutbyttet er av lekser, seier han til NRK.

Barneombodet har fått mange tilbakemeldingar frå barn om korleis dei opplever lekser. Haanes reagerer særleg når han høyrer om at lekser blir brukt som straff. Han meiner ein må tenke nytt om lekser når skuledagen no er i ferd med å bli utvida.

- Det bør bli mindre lekser. Viss vi utvidar skuledagen, må vi sjå på den totale arbeidsbelastninga til elevane. Då må vi akseptere at meir av arbeidet med skulefaga må skje innanfor den utvida skuledagen og at mindre skjer i form av lekser på kvelden.

Vil ikkje avskaffe

Men kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV) vil ikkje gravlegge den norske leksetradisjonen.

- Eg trur ikkje vi skal avskaffe lekser, men vi skal sørge for at skulen gir meir hjelp med leksene. Det må vere tid til å jobbe med arbeidsoppgåver og lekser på skulen under rettleiing av lærarar og andre.

AKTUELT NÅ