- Legevaktsordninga kan bryte saman

Fire av ti legar kan bli fritekne frå legevaktstenesta om nokre år, fordi dei blir for gamle. No fryktar Allmennlegeforeningen at heile legevaktsordninga vil bryte saman.

Ambulanse ved legevakt
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Legevaktsarbeid krev sin lege. I store delar av landet må legane på vakt rykke ut til alle døgnets tider - og det kjem på toppen av vanleg jobbing på kontoret.

-Det er svært krevande med legevaktsteneste, fortel kommunelege Per Stensland i Sogndal.

-Det er mykje ansvar, og ein blir kalla opp til alle døgnets tider og skal ta stilling til både bagatellmessige ting til alvorlege sjukdommar.

Stensland er ein av mange legar som har fått fritak fra legevaktstjeneste. Etter 30 år med utrykning midt på natta orker han ikkje meir. Dessutan har han, som mange av kollegaene over 50 år, fått fleire administrative oppgåver innan helsevesenet.

 

Eldre legestand

Legane står ikkje i kø for å jobbe på legevakta, og legestanden blir stadig eldre. Nye tal frå Arbeids- og velferdsforvaltninga viser at om fem år vil minst 40 prosent av legane vere mellom 55 og 66 år. Og ved 55 kan ein søke om fritak frå legevaktstenesta, ved 60 kan ein kreve det. Konsekvensen - enda færre legar på vakt ute i kommunane.

Leiar i Allmennlegeforeningen, Jan Emil Kristoffersen, fryktar at situasjonen kan bli direkte helsefarleg.

-Det er ein alvorleg situasjon at det er så mange eldre allmennlegar no. I verste fall kan legevaktsordninga bryte saman, seier Kristoffersen.

Allereie slit mange distriktskommunar med å få nok legar til å ta legevaktsarbeidet. Unge legar i dag vil ikkje la jobben gå ut over privatlivet, slik det var vanleg i større grad før. Resultatet blir at mange kommunar leiger inn vikarar frå både inn- og utland.

Fryktar for liv og helse

Helsetilsynet har den siste tida registrert at det blir gjort stadig fleire feil av legevaktslegane. No handlar kvar tiande tilsynssak hos tilsynet om feil gjort på legevakta.

-Slurv og venstrehandsarbeid, er karakteristikken frå Helsetilsynet.

Både Legeforeninga og Allmennlegeforeninga er einige om at kommunane no må gje legevaktslegane betre arbeidsvilkår og mindre nattevak. Dårleg kommuneøkonomi eller ei. Blir ikkje noko gjort, fryktar Allmennlegeforeninga at det skal gå ut over liv og helse.

SISTE NYTT

Siste meldinger