Hopp til innhold

- Låg politikar-fart kostar liv

- Det som tek flest liv på norske vegar, er den låge farta hos norske styresmakter, seier sjefredaktøren i bilmagasinet Autofil, Espen Stensrud.

Minnemarkering

Frå ei minnemarkering for omkomne i trafikken.

Foto: Tor Andre Johannessen

Redaktør i Autofil, Espen Stensrud.

Espen Stensrud er sterkt kritisk til norsk samferdslepolitikk.

Foto: Autofil

Autofil-redaktøren meiner regjeringa og vegstyresmaktene ikkje fortel heile sanninga om dei ulukkesutsette vegstrekningane. Det er nyleg lagt fram planar om lågare fartsgrense på ein del ulukkesutsette vegstrekningar.

Her går det fram at fartsgrensa blir sett ned frå 80 til 70 på 420 kilometer veg, og frå 90 til 80 på 70 kilometer veg.

- Kleppa har eit einsidig fokus på at det er farta som drep, men neglisjerer faktum om at ei større utbetring av vegnettet er ei av dei viktigaste åtgjerdene for å få ned talet på drepne i trafikken. I første omgang betyr det å byggje midtdelarar. I Sverige byggjer dei 200 kilometer med midtdelarar kvart år. Her i landet bygde vi 14,5 kilometer i fjor, og året før greidde vi ikkje 10 kilometer, seier Stensrud.

Han etterlyser også ei endring av avgiftspolitikken, og meiner det er på høg tid at det blir sett i verk eit nasjonalt løft for ein heilskapleg samferdslepolitikk, som tek omsyn til det gjeldande trafikkbiletet her i landet.

LES OGSÅ: Kleppa beskyldt for ansvarsfraskrivelse for trafikkdrepte

LES OGSÅ: Køyrde i 143 km/t

- Lågast i Europa

70-sone

Styresmaktene vil setje ned fartsgrensa på fleire strekningar til 70 kilometer i timen.

Foto: Ill.foto:Gorm Kallestad / Scanpix

- Det er rart at det ikkje er mogleg å få til ein heilskapleg politikk. Vi har frå før dei lågaste fartsgrensene i Europa, og vi greier ikkje å få gjort noko med den dårlege vegstandarden. Samstundes står det ubrukte veg-milliardar på bok, seier Stensrud.

LES OGSÅ: Ubrukt milliard til vei og tog

Han avviser ikkje at reduksjon av fartsgrensene kan ha ein effekt, men meiner likevel dette er ei fallitterklæring i forhold til den samla trafikksituasjonen her i landet

Stensrud viser til svensk forsking, som har konkludert med at sikrare bilar er den viktigaste årsaka til at det ikkje har vore oppgang i ulukkesfrekvensen sidan 1960.

- Ein ny eller ein 15 år gammal bil kan bety skilnaden på liv eller død. Då er det endå meir trist at snittalderen på norske bensinbilar har auka til 12 1/2 år. Kan det skuldast dyrare avgifter på nye bilar?, spør han.

For den samla norske bilparken er snittalderen 10,4 år.

LES OGSÅ: Fortviler over hensynsløs kjøring

LES OGSÅ: Her tas en råkjører hvert 7. minutt

- 54 milliardar i bompengar

bomstasjon

Dei siste åra har nordmenn betalt 54 milliardar kroner i bombpengar.

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

Stensrud peikar på at det ikkje blir bygd ei einaste ny vegstrekning utan at bilistane betalar to tredelar gjennom bompengar. Det er betalt inn 54 milliardar kroner i bompengar her i landet sidan 1991.

Berre i fjor betalte norske bilistar 46 milliardar kroner i bilrelaterte avgifter, seier Stensrud.

Sjefredaktøren viser til statistikk som viser at talet på drepne i trafikken har gått ned med over 40 prosent i Sverige sidan 2007, og i Danmark har talet gått ned med over 30 prosent. Her i landet er reduksjonen 9,9 prosent.

I fjor omkom 210 menneske på norske vegar .

Han legg til til at døden på vegane kosta det norske samfunnet 6,3 milliardar kroner i fjor. Kvart dødsfall i tafikken kostar samfunnet 30 millionar kroner, og i tillegg kjem alle lidingane til dei etterlatne som ikkje er mogleg å rekne ut i kroner og øre.

Autofil-redaktøren meiner bygging av ny E18 mellom Sande og Kopstad i Vestfold er eit godt eksempel på kor viktig det er å byggje nye og trygge vegar. Før den nye vegen vart teken i bruk omkom det 20 personar på strekninga i løpet av åtte år. Sidan den nye vegen kom i 2001 har tre menneske mist livet.

Stensrud viser til ei liknande utvikling på E6 gjennom Østfold.

LES OGSÅ: Opposisjonen mener Kleppa svikter samferdselssektoren

- Einsidig fokus

Nils Sødal

Nils Sødal er kommunikasjonsrådgjevar i NAF.

Foto: NRK

Den største organisasjonen for privatbilistar her i landet, Norges Automobilforbund (NAF), meiner at fart er ei viktig årsak til alvorlege trafikkulukker, men at politikarane har eit for einsidig fokus på fart.

- Fart er alltid eit vikig moment, men det er viktig å sjå totaliteten i dette. Blant anna er vegstandarden ei medverkande årsak til ein tredel av dødsulukkene, seier kommunikasjonsrådgjevar Nils Sødal i NAF. Han peikar på tiltak som vedlikehald av vegar og bygging av midtdelarar, i tillegg til bygging av nye vegar.

Svenske vegstyresmakter har tidlegare rekna ut at midtdelarar reduserer talet på dødsulukker med 80 prosent, og at 40 kilometer med midtrekkverk sparer eitt liv i året.

For smale vegar

Midtdeler

Midtdelar er viktig for å få bort møteulukkene.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Sødal innser at det er dyrt å byggje midtdelarar i Noreg, blant anna fordi vegane i utgangspunktet er for smale og må utvidast.

- Dei to viktigaste årsakene til dødsfall i trafikken er møteulukke og utforkøyringar. Derfor meiner vi at også at det er viktig å gjere noko med sideterrenget, å få vekk farlege fjellknausar og tre. Og det er ikkje det dyraste tiltaket heller, seier Sødal.

Også NAF er oppteken av avgiftspolitikken, både ut frå ynskjet om tryggare bilar på vegane og av omsyn til miljøet.

Både Stensrud og Sødal fryktar at respekten for fartsgrensene skal bli mindre når nye vegstrekningar no får nedsett fartsgrense.

Undersøkingar viser at den reelle reduksjonen i farta på ei strekning der fartsgrensa er sett ned frå 80 til 70, er mellom 2,1 kilometer i timen og 4,1 kilometer i timen.

AKTUELT NÅ