Hopp til innhold

- Kynisk spel med forsikring

- Forsikringsselskapa driv eit kynisk spel. Dei snyter bevisst trafikkskadde for pengar, sier advokat Christian Lundin.

Advokat Christian Lundin er kritisk til forsikringsbransjen.

Advokat Christian Lundin er kritisk til forsikringsbransjen.

Foto: NRK

Mor til Vegard Stickler

Synnøve Hansen er mor til Vegard Stickler.

Foto: NRK

Lundin er advokat i eitt av dei leiande advokatfirma innan personskadeerstatning her i landet, Næss & Co.

Ein gjennomgang av 120 saker i retten viser at forsikringsselskapa systematisk tilbyr halvparten av pengane domstolen meiner dei skadde bør få.

Ikkje alle orkar

Det er i dag få skadde som orkar, eller har ressursar til, å krevje høgare erstatning ved å ta saka vidare til rettsapparatet. Men dei få som gjer det, får dobla erstatningssummen, viser tal som advokatfirmaet Næss & Co har kome fram til.

NRK har gått gjennom 120 saker frå retten. Sakene viser at forsikringsselskapa systematisk tilbyr halvparten av pengane domstolen meiner skadde skal ha.

- Dette er bevisst. Dei veit at berre rundt fem prosent vil gå vidare med saka, seier Lundin.

Avviser kynisme

Margrethe Aflangrud i If Skadeforsikring

Margrethe Aflangrud i If Skadeforsikring.

Foto: NRK

If Skadeforsikring avviser på det sterkaste at dei utnyttar skadde for å tene pengar, men Margrethe Aflangrud i selskapet vedgår at det er vanskeleg å treffe med summane.

- Eg er ikkje samd i kritikken. Vi følgjer rettspraksis og domane. Dette er komplekst, og det viser at alt er berre skjønn, seier Aflangrud.

Skadd i akeulukke

17 år gamle Vegard Stickler fekk livet sitt snudd brått og dramatisk opp ned for åtte år sidan. Då vart han alvorleg skadd då han vart påkøyrd av ein bil under aking. Han låg i koma i tre veker, og då vakna han opp med alvorlege hjerneskadar.

Sidan har foreldra kjempa for å få ei høgare erstatning enn det forsikringsselskapet først tilbaud. Etter ein fire år lang kamp mot If Skadeerstatning avgjorde tingretten siste veke at familien har krav på over 10 millionar kroner, om lag det dobbelte av det If først tilbaud.

Video Forsikringsselskap snyter trafikkskadde

VIDEO: Sjå innslaget i Dagsrevyen

AKTUELT NÅ