Hopp til innhold

- Kvinner er dyktige huskjøparar

Huseiernes Landsforbund går i dag ut og åtvarar mot at kvinner tek avgjerda ved bustadkjøp, men får sterk motbør frå likestillingsombodet og kjønnsforskarar.

Bjørg Unstad

Fungerande likestillings- og diskrimineringsombod Bjørg Unstad kritiserer utspelet til Huseiernes Landsforbund.

Foto: Barne- og likestillingsombudet

Fungerande likestillings- og diskrimineringsombod Bjørg Unstad meiner eigedomsbransjen må vere varsam med å kome med utsegn om at kvinner og menn har ulike prioriteringar ved bustadkjøp.

- Dette er generaliserande utspel som ein alltid må vere forsiktig med å kome med. Det å karakterisere kvinner som berre opptekne av interiør, og menn som berre opptekne av tekniske løysingar, kan vere basert på fordommar og stereotypiske oppfatningar av kjønn, seier ho til nrk.no

Handymenn ordnar opp

Advokat Thore Eithun Helland i Huseiernes Landsforbund vedgår at han har fått ein del krasse reaksjonar på utspelet .

Faksimile frå nrk.no

Faksimile frå nrk.no med utspelet til Huseiernes Landsforbund.

- Uttalinga vi har kome med, er sett litt på spissen, og eg kan vere einig i at dette utspelet kan virke litt talibansk, eller antifeministisk. Likevel ligg det eit ærleg og seriøst bodskap bak det vi har gått ut med, seier han.

Advokat Thore Eithun Helland i Huseiernes Landsforbund

Advokat Thore Eithun Helland i Huseiernes Landsforbund.

Foto: Frida Johansen / NRK

Advokaten fortel om tilfelle der kvinna har teke avgjerda om huskjøpet, og at det seinare har vist seg at delar av huset må rivast på grunn av roteskadar som det faktisk var opplyst om i taksten.

- Ein handyman som er med på visninga, kan fort gå ned i kjellaren og sjekke fukt, han kan gå oppunder taket og studere det elektriske anlegget. Dette er sentrale ting som fort kan bli dyrt dersom ein overser det, påpeikar han.

Helland meiner det er markante forskjellar mellom menn og kvinner når dei er på visning.

- Ein kan få inntrykk av at kvinner går rundt og ser om det er ny kjøkkenseksjon og ny parkett. Dei brukar intuisjon, og kjenner etter om kjensla er god eller dårleg, om det er koseleg eller ikkje. Denne intuisjonen kan bli ganske dyr eit år eller to seinare etter at huset er kjøpt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Menn ser lenger enn kvinner

Eigedomsmeklar i Krogsveen, Kristian Karlsrud, stadfestar at det er forskjellar mellom kvinner og menn som møter opp på visning.

- Ein skal ikkje generalisere, det er kvinner som er flinke til å spørje, og det er menn som er dårlege til å skaffe seg informasjon, men tendensen er at kvinnene er opptekne av detaljane, medan mennene ser på bustaden med eit vidare perspektiv, fortel han.

Meklar Kristian Karlsrud i Krogsveen

Eigedomsmeklar Kristian Karlsrud i Krogsveen.

Foto: Frida Johansen / NRK

Meklaren får sjeldan spørsmål om det elektriske anlegget og korleis dreneringa er.

- Det tekniske er det mennene som tek seg av, konstaterer han.

Ikkje dokumentert

Kjønnsforskar Wenche Mühleisen ved Universitetet i Stavanger har forska på kva kjønn betyr for kultur og samfunn. Ho avviser at kvinner er meir opphengte i detaljar enn menn.

- Det let seg vanskeleg bevise gjennom forsking. Det er nok meir ein klisjé og ein kjønnsstereotypi, seier ho. Sjølv brukar eg å sjå på både veggar, tak og røyr. Kven som ser på dei viktige elementa ved bustaden, har mest med kven som betalar og finansierer huset, seier ho.

Mühleisen meiner det er andre enn kvinnene som skal ha skulda dersom bustaden viser seg å ikkje halde mål.

- Eg tenkjer at dersom det er nokon som har ansvar om å kome med feil og manglar ved huset, er det bustadbransjen. Dette bør spelast tilbake til eigedomsmeklarane, takstfolk som har plikt til å informere kundar, seier ho.

- Gå saman om kjøpet

Likestillingsombod Unstad er oppteken av at både kvinner og menn tek initiativ og er aktive i samband med bustadkjøp.

- Når et par skal kjøpe bustad saman, er det viktig at begge er med på å ta avgjerder knytt til kjøpet, understrekar ho.

Kven er best skikka til å kjøpe bustad? Sei di meining.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger