I hovudsak er kunstgalleria og kunstmusea i europeiske storbyar god vakta. Nokre nyttar skotsikkert glas og avansert elektronisk overvaking, og nokre gjer seg bruk av væpna vakter.
Wien
Både "Skrik" og "Madonna" var i mars i fjor utstilde ved Albertina Museum i den austerrikske hovudstaden Wien.
- Det ville teke 10 minutt, og massiv valdsbruk, å få ned eit av bileta som heng på veggane her. Dei er skikkeleg godt festa, seier ein talsmann for museet til nyheitsbyrået AFP.
Ein talsmann for Louvre i Paris, der Leonardo da Vincis "Mona Lisa" heng, er også sikker på at eit tjuveri som det i Oslo i går ikkje ville vere mogleg hos dei.
- Korridorane våre er så lange at ein tjuv måtte ha spasert 200-300 meter med måleria, og han ville heilt sikkert blitt oppdaga av det avanserte overvaktingssystemet vårt, seier talsmannen.
Han fortel at "Mona Lisa" er verna av eit spesialglas, men heller ikkje på Louvre er alle måleria plasserte bak glas. Museet stolar på den elektroniske overvakinga, og ein avansert tryggingsplan som heile tida blir oppdatert.
Væpna vakter
Fine Arts Museum i Budapest har væpna vakter i lokala, men mange er usamde i denne praksisen.
- Det er ikkje noko kunstverk som er verd så mykje som eit menneskeliv, sier Mats Roswall, tryggingssjef på Moderna Museet i Stockholm. Han seier at ein del av kunstverka er bak skotsikkert glas, det er overvakingskamera over alt, og sjølvsagt vakter. Men dei er ikkje væpna.
- Vi kan ikkje vente at tryggingsvakter skal risikere livet, seier Hans-Werner Chmidt ved Leipzig kunstmuseum.
Firenze
Marco Fossi, ansvarleg for tryggleiken ved kunstgalleria i Firenze, er trygg på at det som skjedde i Oslo ikkje kunne skjedd på nokon av hans galleri.
- Spesielt verdifulle måleri, særleg dei minste, er verna med glas og ein spesiell alarm, seier han. Også ved fleire av hans galleri blir det brukt væpna vakter.
Direktøren for Hermitage-museet i St. Petersburg er lite viljug til å fortelje om tryggingstiltaka ved museet, men seier at det er snakk om både eit automatisk system, interne tryggingstiltak og politiet sine tryggingstiltak.
Kriminelle
Tony Russel, ein britisk ekspert på tryggleik ved kunstgalleri, seier at politisjefen i St. Petersburg sa dette til han:
- Om vi ikkje hadde væpna vakter ved inngangen, så ville austeuropeiske kriminelle skote seg veg inn i museet og ta med seg alt frå veggane.
Russel var sterkt delaktig å få tilbake den versjonen av "Skrik" som vart stolen frå Nasjonalgalleriet i Oslo i februar 1994.