Hopp til innhold

- Kuleholet er planta

Etterforskarane i Orderud-saka meiner kule-holet som Tore Sandberg presenterte i går, kan vere planta på staden i ettertid.

Tore Sandberg viser fram hullet
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Dette blir avvist av Sandberg og av Mette Orderud som fann kuleholet.

- Eg har snakka med dei som kunne vere aktuelle til å plante kuleholet, og meiner dette er ei grov skulding, seier Sandberg til NRK Dagsrevyen.

Han meiner holet kan bevise at det var Anne Orderud Paust, og ikkje foreldra hennar Kristian og Marie Orderud, som var målet for den eller dei som sto bak drapa på Orderud gard.

Fem år etter

Holet vart oppdaga fem år etter drapa fann stad. Mange saumfarte då bustaden.

- Kuleholet vart funne av ei kvinne i Orderud-familen som støttar Per og Veronica, og som meldte om dette då bustaden vart frigjeven til familien i 2004, fortel Sandberg.

Video nsps_upload_2009_3_21_18_59_5_1348.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Koleholet kan vere planta.

Politiet som jobba på åstaden, trur holet er laga i ettertid for å skape forvirring.

- Holet må vere laga ettertid, og kan vere planta for å skape tvil om kva som har skjedd, opplyser politikjelder til NRK.

Også tidlegare aktor i saka, statsadvokat Olav Helge Thue synes det er rart at holet har dukka opp no.

Støttespelar

Mette Orderud som oppdaga holet, er ein av dei næraste støttespelarane til Orderud-paret. Ho og mannen føler seg mistenkeleggjorte.

- Dette vil verken eg eller mannen min Lars ha på oss, seier ho.

Orderud fortel at det ikkje har vore nokon i bustaden åleine i løpet av månaden før dei byrja å leige ut huset.

- Eg trur ikkje holet er planta. Det har vore der heile tida, meiner ho.

Les også:

- Ingen gjenopptagelse uten våpen

Lang tid før saken blir gjenopptatt

- Dette er ikke nok til en ny sak

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger