Hopp til innhold

- Krekar er ein inspirator

Mulla Krekar påverkar folk og han kan bidra til rekruttering til terrorist-organisasjonar, meiner Erna Solberg, som vitna mot Krekar i dag.

Erna Solberg (t.v.) vitna mot mulla Krekar, t.h. saman med advokat Arvid Sjødin.
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

- Han har leia ein fundamentalistisk organisasjon som også har drive med sjølvmordsbombing. Han er ein persontype som er ein inspirator, seier den tidlegare kommunalminiteren, som i dag vitna mot Krekar i Borgarting lagmannsrett.

Solberg seier at det var ein sum av ulike ting som gjorde at ho utviste Krekar av omsyn til Noreg sin tryggleik.

- Han påverkar folk. Eg trur det også er ein fare knytta til rekruttering til terrororganisasjonar, sseier Solberg.

Skjulte bevis

Mulla Krekar får ikkje vite kva konkrete bevis som er bakgrunn for utvisingsvedtaket, og har difor gått til sak mot staten.

Staten vart frifunnen i Oslo tingrett. Tingretten kunne ikkje gjere seg opp ei eiga meining om saka fordi den ikkje fekk vite kva bevis staten hadde av omsyn til rikets tryggleik.

Solberg sa i retten at dagens terrorbilde gjer at staten ikkje berre må ta omsyn til om folk kan begå terrorhandlingar på norsk jord. Ho meiner at staten også må ta omsyn til at terror kan råke norske interesser både heime og i utlandet, og i tillegg allierte.

- Ting kan skje utanfor Noreg sine grenser mot norske interessar og norske liv. Vi er allierte med andre land, så det betyr at vi kan indirekte bli råka gjennom åtak mot dei, seier Solberg.

Får ikkje vite

Dermed går den tidlegare kommunalministeren inn på noko av det som ligg bak utvisinga av mulla Krekar. Men ålmenta får ikkje vite kva konkrete bevis staten har. Krekar sine forsvararar søkte i Statsråd om at Solberg skulle få sleppe teieplikta, men fekk avslag.

- Det er eit fråvere av konkrete bevis her, det meste er berre antagelsar, teke rett ut frå opne kjelder på internett, seier Krekar sin advokat Arvid Sjødin.

- Eg vil berre stole på det eg får sjå. Eg lar ikkje andre avgjere kva eg skal meine om det, seier Sjødin.

Tidlegare kommunalminister Erna Solberg har fleire roller i denne saka.

 Det var ho som vedtok å sende ut Krekar. Men også då Krekar klaga på vedtaket, var det Solberg som handsama saka.

- Det er nokre område der du ikkje kan ha mange ulike grupperingar som skal vere informert, seier Solberg.

Tryggleik framfor openheit

- Det er no ein gong slik at den ein har gitt eit embete, bør ein håpe også har fått forstand, legg ho til.

Og Solberg meiner at ikkje alle har rett til å få vite kva skuldingar staten har mot dei.

- Rikets sikkerhet er å ta ansvar for heile vår nasjon sin tryggleik. Det går foran kvart enkelt menneske sin rett til å få vite alt, legg ho til.

Sjølv om Krekar er utvist, har det vore vanskeleg å returnere han til sjølvstyremaktene i Nord-Irak. Og advokaten hans trur ikkje det vil skje nokosinne.

- Personleg trur eg han aldri blir utvist, seier Arvid Sjødin.

AKTUELT NÅ