Eit fleirtal i Stortinget vedtok i desember i fjor, mot regjeringspartia sine røyster, at 470 millionar kroner skulle etterbetalast til pensjonistane. Dette fordi dei kome dårlegare ut enn andre grupper ved lønnsoppgjeret i fjor.
Odd Grann, rådsmedlem i Seniorsaken, er provosert over regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett. (Foto: Ole Reinert Omvik)
Provosert
Då finansminister Per Kristian Foss (H) la fram tala for revidert nasjonalbudsjett i føremiddag var ikkje denne summen teke med. Dette provoserer mange eldre.
Odd Grann er rådsmedlem i Seniorsaken. Han seier at dette ikkje er akseptabelt av regjeringa. Han trur forslaget til revidert nasjonalbudsjett kan koste regjeringa dyrt, og at det kan kome eit nytt eldreopprør.
- Vi er forarga og provoserte. Nok ein gong er pensjonistane blitt ein salderingspost. Folk har blitt provoserte så mange gongar at det no kan det eksplodere, seier han.
Odd Grann trur at regjeringa sin manglande vilje til å gi pensjonistane det dei har rett på, vil føre til at mange vil få¨svekt helse og svekt livskvalitet. Han lovar at dette blir i kampsak for Seniorsaken framover.
Krigserklæring
Arnt Holte i Funksjonshemmas Fellesorganisasjon, FFO, kallar forslaget til revidert nasjonalbudsjett for ei krigserklæring mot uføre og pensjonistar. Han gjentek at organisasjonen ikkje vil forhandle med staten før trygdeoppgjeret for 2002 er på plass.