Hopp til innhold

- Kan ikkje vurdere bevis

Lekdommarar i juryar er ikkje i stand til å vurdere bevis på ein skikkeleg måte, viser ei ny undersøking.

Frå NOKAS-ankesaka i lagmannsretten i Stavanger.
Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Lars-Jonas Nygard, som står bak denne undersøkinga,  har jobba som dommar i lagmannsretten i 17 år.

Det er den første norske undersøkinga av korleis jurymedlemer avgjer skuldspørsmålet i straffesaker.

Arbeidet med denne undersøkinga er ein del av doktorgradsarbeidet hans i juss, og han er ikkje i tvil om konklusjonen.

Svak bevisvurdering

Nygard opplyser at han gjekk gjennom 60 jurysaker i arbeidet med undersøkinga, og at i berre to eller tre av sakene var det gjort det han meiner var grundig bevisvurdering .

Knut Storberget er norsk justisminister.
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

 Juryordninga bør fjernast. Han ber no justisminister Knut Storberget (Ap) om å avvikle denne ordninga.

Lekdommarar er menneske utan juridisk utdanning som ved å sitje i ein jury skal avgjere skuldspørsmål i straffesaker. Denne ordninga har lange tradisjonar i Noreg.

- Ordninga er ikkje forsvarleg. Jurymedlemer tenkjer subjektivt og psykologisk. Kva kjenner eg om denne saka. Dei er ikkje i stand til å å foreta ei metodisk tvilsvurdering, seier Lars-Jonas Nygard.

Han legg også vekt på at juryen under heile arbeidet veit at dei ikkje treng å grunngi avgjerdene dei tek.

 - Det blir for lettvint, seier Nygard.

Fleire andre juristar NRK har snakka med er samde med Nygard i at juryordninga må bort.

- Grusom salve

Justisminister Knut Storberget (Ap)seier at Nygard si vurdering av juryordninga var ein grusom salve, og at han har langt større tillit til norske juryar enn Nygard har.

- Eg trur lekfolk har like god evne til å vurdere bevis som juristar. Eg er redd for ein slik tankegang, seier Storberget, som sjølv er advokat av yrke.

Storberget sa tidlegare denne veka at juryordninga skal kuttast kraftig for å få raskare saksbehandling ved domstolane.

AKTUELT NÅ