Det kjem kraftige protestar etter at politiets utlendingsenhet (PU) onsdag kveld arresterte den papirlause kvinna Maria Amelie (25).
PU har varsla at kvinna vil verta framstilt for varetektsfengsling i dag, og snarleg verta uttransportert til Russland, der ho har sitt opphav.
– Lova er lik for Maria Amelie som for alle andre som oppheld seg ulovleg i Noreg. Drar ho ikkje frivillig, må styresmaktene bruka tvang, seier statssekretær Pål K. Lønseth (Ap) i Justisdepartementet.
- LES OGSÅ: «Årets nordmann» pågrepet etter å ha holdt foredrag
- LES OGSÅ: Varsler støtteaksjon for Maria Amelie
– Forstår at det er vanskeleg
Maria Amelie blei kåra til «Årets Nordmann» i 2010 av magasinet Ny Tid, etter å ha skrive boka «Ulovlig Norsk».
Med boka si har ho sett fokus på situasjonen til papirlause og identitetslause menneske i Norge.
- LES OGSÅ: Lever dobbeltliv som ulovlig norsk
Pågripinga skjedde fordi Amelie oppheld seg i Noreg utan opphaldsløyve. Ho har budd i Noreg sidan ho var 16 år gamal, men eit endeleg vedtak i UNE seier at ho no må forlata landet fordi ho ikkje har behov for vern.
- KOMMENTÉR: Kva meiner du om Amelie-saka?
– Eg har full forståing for at det er vanskeleg for Amelie å verta tvangsreturnert til Russland. Slik er det for alle som vert deporterte, men me kan ikkje ha det slik at dei som ikkje etterlever eit negativt vedtak frivillig, skal få lov til å bli. Då må me setja tvang bak vedtaket, seier Lønseth.
– Heilt spesiell sak
Advokaten til Amelie, Brynjulf Risnes, meiner det det er feil å tolka prinsippet om likskap for lova som at ein skal straffa alle like hardt og aldri gjera unntak.
– Det heilt spesielle i denne saka er at denne jenta har vore på flukt sidan ho var 12 år. Ho har budd i Noreg ekstremt lenge,snakkar norsk og har ei tilknyting til dette landet som er heilt unik, seier Risnes.
– Me kan ikkje ha eit system som rullar over alle skjebnar og aldri ser unntaka, legg han til.
Sår tvil om formalia
Maria deler skjebne med mellom 5000 og 6000 andre papirlause menneske i Noreg.
- LES OGSÅ: – Papirløse bør få amnesti
Lønseth i Justisdepartementet står fast ved at 25-åringen rettsleg sett har ei utreiseplikt som ho har unndrege seg. Adokat Risnes, meiner derimot at det er tvil om formalia i saka.
– Amelie har sjølv ikkje fått eit avslag. Det avslaget som omfattar henne, er eit avslag foreldra hennar fekk for mange år sidan.
Risnes påpeiker at Amelie var mindreårig på det aktuelle tidspunktet, og at ho ikkje fekk saka si hansama på individuelt grunnlag.
– Ho var heller ikkje inne til intervju eller fekk høve til å forklara seg på anna vis, seier advokaten som meiner saka er såpass spesiell at det må vera grunnlag for å gje Amelie asyl i Noreg.
– Absurd
Innvandringspolitisk talsmann i regjeringspartiet SV, Heikki Holmås seier dette viser den fullstendige mangel på samanheng i innvandringspolitikken.
– Det er absurd når ei kvinne som er ferdigutdanna og som kan flytande norsk vert tvangsreturnert.
Holmås viser til at norsk næringsliv har behov for, og lenge har etterlyst høgt kompetente arbeidsinnvandrarar.
– Dersom ho hadde søkt frå Russland, hadde Amelie fått bli i Noreg, meiner SV-politikaren.
Etterlyser semje i regjeringa
Framstegspartiet meiner det er eit paradoks at Holmås kritiserer vedtaket, og meiner regjeringa talar med fleire tunger i Amelie-saka.
– No må regjeringspartia slutta å dobbeltkommunisera, og bli samde om kva for ein innvandringspolitikk dei fører, seier innvandringspolitisk talsmann i Frp, Per-Willy Amundsen.
– Det er usakleg av SV å protestera mot eit lovleg fatta vedtak. Det er tross alt regjeringa, som dei er ein del av, som lagar regelverket som UNE skal rette seg etter i sakshandsaminga, legg han til.
– Uforståeleg når Krekar får bli
Av dei politiske partia i Noreg er Frp den framste pådrivaren for ei kraftig innstramming av innvandringspolitikken.
Amundsen meiner at alle innvandrar utan opphaldsløyve må ut av landet, men har vanskeleg for å forstå prioriteringa av å tvangsdeportera nettopp Amelie.
– At styresmaktene set in så mykje ressursar for å skyssa henne ut, medan kriminelle innvandrarar som mulla Krekar får bli, er for meg heilt uforståeleg, seier Frp-politikaren.
Åtte menn i mørket
Også måten Amelie blei pågripen på, har vekt sterke reaksjonar. To politibilar med åtte politifolk arresterte henne ved Nansenskulen på Lillehammer, der Amelie i går kveld heldt eit foredrag med papirlause menneske som tema.
- LES OGSÅ: – Det første som skjer i Nansenåret
– Eg oppfattar dette som ein storstilt og overdriven politiaksjon, seier innvandringspolitisk talsmann i Høgre, Trond Helleland.
– Åtte menn i mørket er ein urimeleg reaksjon mot Amelie, seier generalsekretær Ann-Margrit Austenå i Norsk Organisasjon for Asylsøkjarar (NOAS).
Ho meiner det gjennomgåande vert nytta altfor sterke verkemiddel når styresmaktene skal pågripa papirlause, som ofte har opplevd traumatiske situasjonar i landa dei kjem frå.