Hopp til innhold

- Pinleg i forhold til klasevåpen

Noreg har forhandla fram eit historisk forbod mot klasevåpen, men kjøper jagarfly frå ein klasevåpenprodusent.

Joint Strike Fighter F-35
Foto: Liz Kaszynski

I starten av desember kjem representantar frå meir enn hundre land til Oslo for å underteikne eit historisk forbod mot klasevåpen. Dette er ein avtale den norske regjeringa har vore sterk pådrivar for å få til sidan 2006.

I den same perioden har regjeringa bestemt seg for å kjøpe jagarfly frå det amerikanske selskapet Lockheed Martin, som produserer sentrale komponentar til klasevåpen.

Les også: Regjeringa vel amerikanske jagarfly

Generalsekretær Petter Eide i Norsk Folkehjelp
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

- Dersom Noreg ikkje stiller krav om at Lockheed Martin skal endre klasevåpenproduksjonen, vil truverdet som pådrivar for det internasjonale klasevåpenforbodet svekkjast, seier generalsekretær Petter Eide i Norsk Folkehjelp.

- Det vil vere pinleg i forhold til klasevåpenavtalen som skal underteiknast i Oslo om to veker.

- Ikkje ein del av vurderinga

Ifølgje Pål Bjørseth, som har vore leiar for kampflyprosjektet, er ikkje klasevåpenproduksjonen til Lockheed Martin noko det er teke omsyn til i vurderinga frå Forsvarsdepartementet.

- Dette har ikkje vore ein del av vurderinga vår og er heller ikkje ein del av tilbodet vi har fått frå Lockheed Martin, seier han til NRK Nyheter.

Norsk Folkehjelp meiner dette er underleg.

- Her har vi to ganske store internasjonale løp som har gått samstundes. Ein del av Forsvarsdepartementet jobbar med eit historisk forbod mot klasevåpen. Denne avtalen har norsk namn og vert kalla Osloavtalen. Samstundes vert det frå same departement forhandla om ein flyavtale med eit selskap som bryt med grunnleggjande humanitære prinsipp fordi det produserer klasevåpen, seier generalsekretær Petter Eide.

Dette heng ikkje saman. Kampen mot klasevåpen må gjennomsyre heile regjeringas politikk, også industripolitikken.

Petter Eide

Boikotta av Petroleumsfondet

Lockheed Martin er eit av selskapa Statens Pensjonsfond – Utland trekte seg ut frå allereie i 2005.

I tilrådinga frå Etikkrådet for Statens pensjonsfond - Utland går det fram at den amerikanske våpenprodusenten tilverkar ulike missilar som må kategoriserast som klasevåpen.

Leiar Gro Nystuen i Etikkrådet ser det likevel ikkje som noko paradoks at regjeringa no vil kjøpe jagarfly frå same selskap.

- Det at vi ikkje ønskjer å eige produksjon av visse typar våpen som Lockheed Martin produserer, treng ikkje leggje føringar på kva for selskap regjeringa handlar ting av. Det er stor skilnad på å eige noko og å handle frå nokon, seier ho til NRK Nettnyheter.

Petter Eide i Norsk Folkehjelp er ikkje samd.

No snakkar vi om ein handel til 165 milliardar kroner. Då er det sterke politiske interesser involverte.

Petter Eide

- Eit dilemma

SVs forsvarspolitiske talsmann Bjørn Jacobsen kallar jagarflyavgjerda problematisk.

- Det er ingen tvil om at dette er eit dilemma. Samstundes er det slik i våpenindustrien at alle eig delar av alle, så det vil vere etiske problem med alle leverandørane.

Hadde regjeringa gått for det svenske jagarflyet, ville det vore ei indirekte støtte av klasevåpenprodusenten BAE, som eig store delar av JAS Gripen.

Men Lockheed Martin vert i mange samanhengar trekt fram som ein versting og er jo også eit selskap Oljefondet har trekt seg ut frå.

Bjørn Jacobsen
Video nsps_upload_2008_11_21_15_40_12_1649.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Vil ha SV ut av regjeringen

- Kan ikkje gjere anna enn å orsake

- Vi har ønskt at dei etiske retningslinene for Oljefondet skulle skape ringverknader også i forhold til innkjøp. Det ser vi no at det ikkje har gjort. Her kan vi ikkje gjere anna enn å orsake, seier Jacobsen.

- Vil avgjerda frå regjeringa ha noko å seie for den komande klasevåpenavtalen?

- Klasevåpenavtalen er ein stor siger internasjonalt. Den vil stå seg, og Noreg skal ha all ære for å ha fått til denne. Men det er klart at vi ikkje har fått til det same i forhold til eigne innkjøp.

- Har Noreg sett nokre krav til Lockheed Martin?

- Ikkje i forhold til klasevåpen, men i forhold til etikk generelt, seier Jacobsen.

Video nsps_upload_2008_11_21_18_57_26_1679.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: - Det amerikanske flyet har overlegne egenskaper, sier forsvarssjef Sverre Diesen.

AKTUELT NÅ