Hopp til innhold

- Jernbaneverket saboterer lyntog

Dei er oppslukt av å underkjenne alle gode argument, meiner direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen.

Stein Lier Hansen.
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Jernbaneverket og byråkratane i Samferdselsdepartementet motarbeider lyntog i Noreg, meiner Lier-Hansen.

- For meg så verkar det som om dei heile tida er oppslukt av å prøve underkjenne alle gode argument for at Noreg skal satse på lyntog, seier han.

- Underkjenner rapportar

Lier-Hansen er varm tilhengar av lyntog, og går til frontalåtak på tog-ekspertane her til lands.

Han meiner Jernbaneverket systematisk underkjenner utrekningar og rapportar som ikkje stemmer med meiningane deira.

- Eg føler at dei heile tida har vore uvillige til å gå inn i ein fruktbar dialog om både fordelar og ulemper med lyntog. I staden har dei nær sagt bestemt seg for å motarbeide den type framtidsløysingar prinsipielt, meiner han

- Lytt til erfarne

Direktøren viser spesielt til rapporten frå Deutsche Bahn, som slår fast at lyntog er lønsamt.

- Analysane, utrekningane og konklusjonane som Deutche Bahn har kome fram til, må vi vege langt meir enn utrekningar gjort av konsulentfirma som ikkje har erfaring med jernbanebygging, seier Lier-Hansen.

Jernbaneverket har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til saka.

Les: Holder hurtigtog-håpet oppe

Les: Flypassasjerer foretrekker lyntog

AKTUELT NÅ