NRK Meny
Normal

- Jagland behandla ikkje Solveig Torsvik bra

Jens Stoltenberg skriv i boka si at Thorbjørn Jagland ikkje behandla dåverande partisekretær Solveig Torsvik bra etter valnederlaget i 2001. Dette var ifølgje Stoltenberg ei av årsakene til at ho trekte seg frå vervet.

Solveig Torsvik er tidlegare partisekretær i Arbeidarpartiet.

Solveig Torsvik trekte seg som partisekretær etter valnederlaget i 2001.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Stoltenberg, som då var nestleiar i partiet, skriv at Solveig Torsvik og partikontoret fekk mykje kritikk etter valnederlaget. Ikkje minst frå AUF, men også frå andre. Det var misnøye med slagord, annonsar og brosjyrar.

Ho følte også at Thorbjørn Jagland ikkje involverte henne på ein måte som ville vere naturleg. Det enda med at Torsvik varsla at ho ville trekkje seg. Både Stoltenberg og nestleiarkollega Hill-Marta Solberg prøvde å få henne til å halde fram, men ho var ikkje til å rokke, går det fram av boka.

– Avlyste tale

Og Stoltenberg skriv vidare:

Jagland

Thorbjørn Jagland (biletet) involverte ikkje partisekretæren i arbeidet, skriv Jens Stoltenberg i boka si.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

«Thorbjørn hadde ikke behandlet henne pent. Han støttet henne ikke når hun fikk kritikk, og han forholdt seg rett og slett ikke til henne som leder av partikontoret. I stedet hadde han jevnlige møter og samtaler med kontorsjefen ved partikontoret om partiets drift, uten at Solveig var til stede, og han avlyste talene hennes til landsstyret under selve
møtet. Det var forståelig at hun hadde fått nok».

Dermed var jakta på ein ny partisekretær i gang. Fleire namn var oppe. Jens Stoltenberg hadde tenkt på Tore Tønne, som hadde imponert med sitt organisasjonstalent og evna si til fornying.

Valet fall likevel på Martin Kolberg. Han var barndomsvenen til Jagland, og dei hadde vore politisk allierte i eit langt politisk liv. Begge kom frå Lier, og dei hadde bakgrunn frå AUF i heimfylket.

Her er historien bak Jaglands 36,9-ultimatum

Jagland til NRK: – Det har aldri passet å forklare hva som skjedde

Politiske tvillingar

– Då Thorbjørn var AUF-leiar, var Martin sekretær. Då Thorbjørn var partisekretær, var Martin kontorsjef på partikontoret. Martin hadde vore ein av dei nærmaste

Martin Kolberg

Martin Kolberg tok over som partisekretær etter Solveig Torsvik.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

støttespelarane til Thorbjørn då han vart partileiar i 1992. Dei hadde vore som politiske tvillingar, og var nære vener, heiter det blant anna i boka.

Martin Kolberg var stabssjef hos Gro Harlem Brundtland fram til Jagland vart statsminister i 1996. Stoltenberg skriv at dei fleste trudde at Gro hadde utnemnt Martin for å førebu at Thorbjørn Jagland skulle ta over.

Alle hadde rekna med at Kolberg skulle halde fram, skriv Stoltenberg, men dette skjedde ikkje. Han vart flytta til Forsvarsdepartementet. Ifølgje Stoltenberg var dette ei openberr degradering.

Magnus Takvam om Jens Stoltenbergs bok

VIDEO: Thorbjørn Jagland om Stoltenbergs bok.

Stoltenberg om seg selv som barn: – Sårbar, lubben og utilpass

Jens om kontakten med KGB: – Jeg var «Steklov»

– Ikkje ein kontorsjefjobb

– Vi visste at Martin hadde teke det tungt, og vi var usikre på kva han meinte no og korleis han såg på det som skjedde i partiet, skriv Stoltenberg.

Så ein dag min i november 2001 heldt Kolberg, Solberg og Stoltenberg eit møte på kjøkkenet til Stoltenberg. Han var like uroa for situasjonen i partiet som vi var, skriv han i boka. Etter ein lang samtale sa han seg villig til å stille som partisekretær.

Jagland var samd i at Kolberg var rette mannen.

Stoltenberg skriv i boka at partisekretær i Arbeidarpartiet ikkje er ein kontorsjefjobb, men eit viktig politisk leiarverv. Han viser til at folk som Martin Tranmæl, Einar Gerhardsen, Trygve Bratteli og Haakon Lie hadde hatt dette vervet tidlegare.

Thorbjørn Jagland har sagt at han ikkje vil kommentere boka i dag. Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Solveig Torsvik.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger